Frokostvafler

IMAG0280

Vafler til frokost? Klart det! Desse vaflene er laga med litt grovare mel og sukkeret er bytta ut med sukrin, så dei kan fint nytast som både frokost og lunsj. Det er også fredag i dag, så kanskje vil du også tilsette litt sjokoladedråpar eller kakao i røra så får du sjokoladevafler.

Variasjonane her er mange og spennande, så då blir eg heller aldri lei av vafler. Tilsett både smak og tilbehør etter humør og ønske.

Til ca. 5-6 vaffelplater (avhengig av str):

  • 1,5 dl fullkornsmel
  • 1,5 dl havremel
  • 1 dl havregryn
  • 0,5 dl sukrin gold
  • 0,5 ts bakepulver
  • 1 ts kardemomme
  • 1 ts vaniljepulver/vaniljesukker
  • 0,5 ts salt
  • 4 dl melk
  • 2 egg
  • 2 ss smelta smør

Bland sammen alt det tørre og tilsett så melk, sammenvispa egg og det smelta smøret til røra. Bland det godt  og la så røra stå og svelle litt i ca. 10 min før du steiker vaflene.

Server så vaflene som eg har gjort her med ein klatt gresk yoghurt, rømme eller kesam, og bær eller frukt. Ringle over litt honning, agavesirup eller lønnesirup og evt litt opphakka nøtter.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *