Garam masala-kylling

Indisk krydderblanding og kylling er perfekte saman og gir smakfull middagsmat. Denne retten har aromatisk og lett sterk tomatsaus med kokos og saftig kylling, og er like god til kvardag som til helg.

Eg er utruleg glad i godt krydra indiske gryter og matrettar med god saus ein kan dyppe nanbrød i, akkurat slik som med dette måltidet. Retten er enkel å lage og kan serverast med ris, nanbrød eller salat etter eige ønske. Styrken på sausen kan du også justere etter eigen gane ved å tilsetje meir eller mindre av chili i sausen.

TI6e3VgpQoiBWhR9g5c+RQ_thumb_73ab

Ingrediensar til 4 personar:

Garam masala (krydderblanding):

  • 1 ts spisskummen
  • 2 ts malt koriander
  • 1 ts malt kardemomme
  • 1 ts gurkemeie
  • 1 ts malt ingefær
  • 1 ts paprikapulver
  • 1 ts malt chili
  • 1 klype malt muskatnøtt

Kylling og saus:

  • 1 heil kylling (ca. 1,5 kg)
  • salt & pepar
  • smør, til steiking
  • 1 løk, finhakka
  • 1 fedd kvitløk, knust
  • 400 g hermetisert tomat
  • 2 ½ dl krema kokosmjølk
  • 2 ts tomatpurè
  • 1 ts sukker (valfritt)
  • persille, til servering

Bland saman alle kryddera til garam masala og set til sides. Del opp kyllingen i åtte delar og lat skinn og bein få sitte på. Strø over litt salt og pepar. Bruk ca. halvparten av garam masala-blandinga og strø over kyllingen. Varm opp ei traktør-panne eller liknande som toler steikeomn. Ha i ein klatt smør og steik kyllingen raskt på høg varme, ca. 2 minutt på kvar side. Då får skinnet ei sprø og gylden overflate. Legg kyllingen til sides.

Forvarm steikeomnen til 200 ºC.

Ha i litt ekstra smør i steikepanna du brukte til kyllingen dersom det trengst. Steik finhakka løk på middels varme til den er mjuk og blank. Ha i kvitløk og lat det surre med eit par minutt. Deretter har du i tomat, kokosmjølk, tomatpuré, sukker og resten av krydder-blandinga. Smak til med meir salt og pepar etter behov. Lat sausen få eit oppkok og legg deretter kyllingen over i sausen med skinnsida opp. Set heile panna inn i forvarma omn og lat steike i ca. 25-30 minutt, eller til kyllingen er gjennomsteikt (sjekk ved å stikke inn ein kniv langs beinet og sjå etter klar kjøt-saft). Server med eit dryss persille over og ris, nanbrød eller salat.