Glutenfri brownie

[dropcap]B[/dropcap]rownie er den ultimate kaka å bake for å tilfredsstille søtsuget for både liten og stor. Denne kaka er heilt utan vanleg mjøl og er derfor perfekt for deg som har glutenallergi. Kaka får ein skikkeleg “kladdete” og fudge-aktig konsistens med rik smak av sjokolade!

Dei fleste browniekaker inneheld normalt sett lite mjøl i forhold til andre kaker, men denne kaka er heilt fri frå mjøl og inneheld maizena i staden. Til tross for at kaka kanskje ser ferdig ut lenge før dei 30 minutta har gått, så treng den mest sannsynleg litt meir tid i ovnen enn du trur. Kaker utan mjøl blir ikkje steikt like raskt og kan ofte vere ganske klissete om dei ikkje står lenge nok i ovnen, så sjekk gjerne kaka undervegs. Ei ekte browniekake skal uansett vere klissete og seig i konsistens, så om den er litt for blaut gjer det ikkje noko. Smaken er iallfall god!

EqSM3ycFQImyXwTU190b4A_thumb_6764

[recipe-foody]Ingrediensar til ei lita browniekake:

  • 100 g smør
  • 250 g mørk kokesjokolade (ca. 50-60 % kakaoinnhald)
  • 150 g sukker
  • 2 egg
  • 1 eggeplomme
  • 1 klype salt
  • 1 ss bakekakao
  • 3 ss maizena

[/recipe-foody]

 

Forvarm steikeovnen til 180 ºC og kle ei lita form på ca. 23 cm x 16 cm med bakepapir.

Smelt smøret i ein kjele over lav varme og ha i sjokoladen og la den smelte med. Rør rundt litt slik all sjokoladen smeltar utan å brenne seg i botnen av kjelen. Trekk kjelen frå varmen og bland inn sukkeret. La avkjøle seg litt eit par minutt. Rør inn egga eitt om gongen og bland godt. Til slutt har du i salt, kakao og maizena og piskar det godt saman til du har fått ei glatt kakerøre. Hell røra over i forma og sett midt i ovnen. La steike i ca. 30 minutt, til kaka er stivna på toppen og i kantane. Avkjøl heilt i forma før du deler opp i små stykker. Kaka har også godt av å få seg ei stund i kjøleskapet slik den får satt seg skikkeleg før servering.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*