Glutenfri focaccia med oliven

[dropcap]D[/dropcap]et italienske brødet har blitt glutenfritt denne gongen og resultatet blei luftig og saftig brød. Focacciabrødet er lett å lage og smakar godt med masse oliven og rosmarin.

Focacciabrød er ein av mine store favorittar når det kjem til tilbehør til middag og som sandwichbrød. Masse god olivenolje, godt krydder og havsalt gir god smak til brødet og gjer det godt å småspise av akkurat som det er. Denne oppskrifta held til ei lita form med brød, men her kan du gjerne doble oppskrifta og lage eit større brød. Glutenfri baking er ikkje alle tider like enkelt å få gode resultat med, men her kan eg med glede seie at smaken ikkje blei langt ifrå det vanlege focacciabrødet.

tcj5K0fPStG%CUUSNZ8V7w_thumb_6a69

[recipe-foody]Ingrediensar til eit lite focacciabrød:

  • 1 ts tørrgjær
  • 1 ts sukker
  • 2 ½ dl varmt vatn
  • 250 g glutenfri mjølblanding (eg brukte Toro lys melblanding)
  • 100 g fullkorn rismjøl
  • 1 ts fiberhusk
  • 1 egg
  • 3 ss olivenolje
  • 1 ts salt
  • ¼ ts natron
  • 2 ts sitronsaft
  • ein neve svarte oliven
  • rosmarin
  • havsalt

[/recipe-foody]

Kle ei ildfast form på ca. 23 cm x 16 cm med bakepapir.

Ha tørrgjær, sukker og varmt vatn i ein bolle og rør rundt i det slik at gjæren startar å skumme og blir aktiv. Ha i glutenfritt mjøl, rismjøl, fiberhusk, egg, olivenolje og salt og bland det godt saman. Bland saman natron og sitronsaft i ei lita skål slik det skummar og ha det i deiga. Bland det godt inn til du har ei klissete deig. Bruk ein slikkepott med litt olivenolje på og fordel deiga utover i eit jamnt lag i forma. Sett til heving ein lun stad i ca. 1-1 ½ times tid.

Forvarm steikeomnen til 190 ºC. Trykk ønska mengde med oliven ned i focacciabrødet, ringle over litt olivenolje og strø til slutt eit lag med rosmarin og havsalt på toppen. Steik brødet midt i omnen i ca. 25-30 minutt, til brødet har fått ei gylden og sprø overflate. Avkjøl litt på rist og nyt!

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*