Glutenfri pasta

[dropcap]D[/dropcap]et er mange glutenfrie gode pastatypar å få i butikken, men det er uansett ingenting som  slår god heimelaga pasta. Denne pastaen lagar du enkelt og kan brukast som utgangspunkt til mange typar pastarettar.

Eg elskar heimelaga pasta og var spent på om resultatet på glutenfri heimelaga pasta kunne nå opp til originalen. Resultatet viste seg å vere svært vellukka og eg kan ærleg innrømme at eg mest sannsynleg ikkje hadde merka forskjell dersom eg ikkje visste om at denne var glutenfri. Å lage heimelaga pasta går svært raskt og du treng heller ikkje pastamaskin for å lage denne. Den gode gamle kjevla og eit pizzahjul er meir enn godt nok!

[recipe-foody]Ingrediensar til pasta for ca. 4 personar:

  • 200 g rismjøl
  • 3 ss potetmjøl
  • 1 ts fiberhusk
  • 3 egg
  • 1 ss olivenolje

[/recipe-foody]

Ha rismjøl, potetmjøl og fiberhusk i ein bolle og bland det godt saman. Lag ei grop i midten av mjølet og ha egg og olivenolje nedi. Bruk ein gaffel til å røre rundt i egga samtidig som du dreg med mjøl og piskar det inn i egga. Fortset slik til du får ei fast og fuktig deig. Ta ut deiga på kjøkenbenken og kna den godt i nokre få minutt slik du får ein glatt og smidig deigklump. Pakk inn i plastfolie og lat ligge i kjøleskap i ca. 1 times tid før bruk.

Del deiga opp i fleire emner og trill dei runde. Bruk gjerne litt potetmjøl på benken når du jobbar slik at deiga ikkje klistrar seg fast. Deretter kjevler du dei ut til dei er ca. 3 mm tjukke. Bruk eit pizzahjul og skjær pastaen i ønska form. Sjølv laga eg tagliatelle av mine og skar derfor i ca. 5 mm breie strimlar. Legg den ferdige pastaen på eit fat med litt potetmjøl eller rismjøl medan du lagar ferdig resten. Pastaen kokar du i lettsalta vatn med ein klunk olivenolje i ca. 3-4 minutt (avhengig av tjukkelse).

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*