Glutenfrie bananmuffins

[dropcap]O[/dropcap]vermodne bananar er det perfekte utgangspunkt for søt bakst med saftig konsistens. Desse muffinsane smakar godt av banan og inneheld både blåbær og sjokoladebitar og er i tillegg glutenfrie.

Overmodne bananar er perfekt å bake både bananbrød, muffins eller pannekaker med og gir ein utruleg søt og god smak. Konsistensen blir utruleg saftig og mjuk. Ekstra pluss i boka er det at ein slepp å kaste bananar til tross for at skalet er svart og bananen omtrent blir skvist ut av skalet berre du tek i det. I desse muffinsane har eg brukt jyttemjøl som er naturleg fritt for gluten. Smaken kan kanskje bli litt skarp for deg som ikkje er vant med smaken, så du kan gjerne erstatte litt av jyttemjølet med annan type glutenfritt mjøl om du ønsker det.

msLViEDmTmKxj3N+w6tEjQ_thumb_68bc

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 12 stk muffins:

  • 75 g smør, romtemperert
  • 100 g brun farin
  • 2 egg
  • 3 godt overmodne bananar
  • 2 dl skummamjølk
  • 200 g jyttemjøl
  • 1 toppa ts bakepulver
  • 1 ½ dl frosne blåbær
  • 75 g mørk kokesjokolade, grovhakka

Kremostglasur:

  • 75 g smør, romtemperert
  • 100 g kremost naturell
  • 1 ½ dl melis
  • 1 ts vaniljesukker
  • nokre dråpar sitron

[/recipe-foody]

Forvarm steikeomnen til 175 ºC og sett klart 12 stk. store muffinsformer.

Rør smør og sukker mjukt og luftig. Tilsett egga eitt om gongen og rør godt mellom kvart av dei. Mos bananane med ein gaffel i ei skål og ha over i smørblandinga. Rør det godt saman. Ha i mjølk, jyttemjøl og bakepulver og bland saman til ei klumpfri røre. Vend forsiktig inn blåbær og hakka sjokolade. Fordel røra i muffinsformene slik dei er omtrent 2/3 fulle. Sett muffinsformene på muffinsbrett/steikebrett midt i omnen og la dei steike i ca. 25 minutt, til ein kakepinne kjem ut fri for røre. Avkjøl på rist.

For å lage kremostglasuren har du smør og kremost i ein bolle og piskar det mjukt og luftig. Ha i melis og vaniljesukker og pisk vidare til du får ein luftig krem. Smak til med nokre få dråpar sitron. Du kan gjerne sette kremostglasuren i kjøleskapet ei stund før du sprøyter ut toppar på muffinsane slik den blir litt fastare i konsistens.

kWzqUrEXTTur1H4Gn3pN5Q_thumb_68bd

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*