Glutenfrie nanbrød

ekLXutUrRWSYTH3o8uKrLQ_thumb_6b5b
Nanbrød er ei sjølvfølgje for meg når eg skal ha indiske rettar til middag. Varme nanbrød med smør på dyppa i ein god og krydra saus med indiske smakar er nydeleg godt!

Dei glutenfrie nanbrøda blir ikkje heilt som det originale nanbrødet med store luftbobler og herleg konsistens, men saftige og velsmakende vart dei så absolutt. Nanbrøda er aller best når dei er varme og nysteikte, men kan fint frysast ned til seinare bruk. Då blir dei aller best om du penslar med litt mjølk eller vatn og varmar dei i mikroen eit lite augeblikk for å få tilbake den saftige smaken. Nanbrøda kan du smaksette med det du sjølv måtte ønskje av krydder som for eks. koriander, nigellafrø (løkfrø), spisskummen eller kvitløk.

IjZc7qnsRCeZCDJWtqc5Xg_thumb_6b45

Ingrediensar til 6 stk nanbrød:

  • 320 g Toro lys glutenfri mjølblanding
  • 2 ts tørrgjær
  • 1 klype sukker
  • 1 ¾- 2 dl lunka vatn
  • 50 g gresk yoghurt
  • 2 ss rapsolje
  • 1 egg
  • ½ ts salt
  • 1-2 ts krydder (nigellafrø/korianderblad)

Ha gjær, sukker og vatn i ein bolle og rør til gjæren løyser seg opp litt. Tilset yoghurt, rapsolje og egg og bland godt. Ha til slutt i mjøl, salt og krydder og kna saman til ei samanhengande og fuktig deig. Dekk bollen med plastfolie og la deiga heve i ca. 1 times tid.

Varm opp ei steikepanne. Del deiga opp i seks like store emner og trill runde bollar. Strø litt glutenfritt mjøl på benken og kjevle emna ut til ovale brød på ca. 4 mm tjukkelse. Steik nanbrøda på middels varme i tørr steikepanne til dei får gyldenbrune flekkar og snu deretter og steik på andre sida. Nanbrøda treng ikkje mange minutta før dei er gjennomsteikte, så pass på at du ikkje steiker dei for lenge slik dei blir tørre. Legg i ein stabel under eit kjøkenhandklede slik dei held seg mjuke og saftige. Server lunkne med ein god klatt smør på!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *