Glutenfrie pitabrød

[dropcap]P[/dropcap]itabrød er supert tilbehør til alle mulige slags rettar og er svært enkelt å lage. Desse blir store og mjuke og er eit supert alternativ dersom du har glutenallergi.

Pitabrød er supert til mange ulike rettar og er eit must til greske kjøtrettar med gode dressingar og sausar. Fyll dei gjerne med tacokjøtdeig og salat, fiskekaker, kjøtstrimlar eller anna. Her er valgalternativa mange! Pitabrød kan fint frysast ned og brukast seinare, men dei er aller best heilt ferske.

N+uJVSF+S66aWgvnoFV8ow_thumb_6d40

LbEXDDIcTzeR0AvG%xtMpQ_thumb_6d56

[recipe-foody]Ingrediensar til 6 stk. store pitabrød:

  • 240 g Toro lys glutenfri mjølblanding
  • 100 g potetmjøl
  • 40 g maizena
  • 1 ss fiberhusk
  • 1 ss tørrgjær
  • 1 ts sukker
  • 1 ts salt
  • 1 egg
  • 3 dl lunka mjølk
  • ½ dl raps/solsikkeolje

[/recipe-foody]

Varm opp mjølka til den er lunken og ha i tørrgjær og fiberhusk. Bland saman resten av alt det tørre og hell mjølkeblandinga over. Tilsett olje og egg og bland godt saman. Kna deiga saman til du får ei fast og samanhengande deig. Del inn i seks like store emner og trill dei til runde bollar. Kjevle ut bollane til flate sirkler på ca. 15-20 cm i diameter og  ca. 4-5 mm tjukkelse. Legg dei utover to-tre steikebrett og lat ligge til heving under kjøkenhandklede i ca. 45 minutt.

Forvarm steikeomnen til 240 ºC.

Pitabrøda kan du enten steike på steikepanne eller i steikeomnen. Dersom du ønsker pitabrød som får luftlommer er steikeomnen beste alternativet. For å bruke steikepanne varmar du opp ei panne til middels høg varme og steiker pitabrøda i nokre minutt på kvar side til dei får gyldne flekkar. Dersom du ønsker å bruke steikeomnen steiker du dei på steikebrett i øverste del av omnen på 240 ºC i ca. 3-4 minutt. Pitabrøda er ferdige når dei blåser seg opp og såvidt har fått litt farge. Legg pitabrøda i ein stabel under fuktig kjøkenhandklede for å halde dei mjuke og saftige.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*