[dropcap]N[/dropcap]år ein treng turmat eller kosemat til kvelden i helga er pizzabollar eit perfekt val. Desse er glutenfrie slik at dei som har glutenallergi eller intoleranser også kan nyte heimelaga pizzabakst.
Dei glutenfrie pizzabollane blir naturleg nok ikkje fullt like luftige som vanleg gjærbakst, men deiga gir eit vellukka resultat som er lett å jobbe med og smakar godt. Fyllet til pizzabollane er det same eg har brukt til den originale oppskrifta mi på pizzabollar med berre eitt par små endringar. Den finn du i dette innlegget.
[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 10-12 stk. pizzabollar:
Pizzadeig:
- 400-450 g grov glutenfri mjølblanding (eg har brukt Finax grov blanding)
- 100 g jyttemjøl
- 1 pk ferskgjær
- 1 ½ ts fiberhusk
- 4 dl lunka vatn
- ½ dl olivenolje
- 1 ts salt
Pizzafyll:
- 400 g kjøtdeig av storfe
- 2 fedd kvitløk, knust
- 3 store sjalottløk, finhakka
- 1 ss tørka oregano
- 1 ss tørka basilikum
- 2 ss tomatpurè
- 1 dl kyllingkraft (hugs å bruke glutenfri type)
- 500 g hermetisert tomat (bruk ein av god kvalitet, sjølv brukar eg Mutti eller Polpa)
- 1 lita ts sukker
- ½ ts cayennepepar
- fersk timian
- salt & peppar
Topping:
- spekepølse/pepperoni
- riven ost
- ferske urtar (basilikum, timian etc.)
[/recipe-foody]
Start med å lage deiga. Ha vatn og gjær i ein bolle og rør det ut. Ha i fiberhusk og olje. Tilset mesteparten av det grove mjølet, jyttemjøl og salt. Bland godt saman til du får ei samanhengande deig som er lett klissete. Juster med meir av det grove mjølet dersom deiga er svært klissete. Set til heving på ein lun stad i ca. 1 times tid.
Del deiga inn i ca. 10-12 like store emner (alt etter kor store du vil ha bollane). Trill til runde bollar som du trykker flate. Smør to steikebrett med eit tynt lag olivenolje og sett dei flate bollane utover med litt avstand mellom kvar. La dei etterheve i ca. 45 minutt.
Medan bollane etterhevar kan du lage klart fyllet. Varm opp ei steikepanne og ha i litt olivenolje. Steik kjøtdeiga på høg varme til den blir godt bruna og får steikeskorpe. Skru deretter ned varmen og ha i kvitløk og sjalottløk og la det surre til løken blir mjuk. Ha i oregano, basilikum og tomatpurè og la det surre med i eit par minutt til. Deretter har du i kyllingkraft, tomat, sukker og cayennepepar. Rør godt rundt og la det stå å småputre i ca. 10 minutt. Når sausen har kokt inn litt har du i timian og smakar til med salt og pepar.
Forvarm steikeomnen til 220 ºC. Fordel ca. 2 toppa spiseskeier med fyll på kvar pizzabolle slik det blir rikeleg med godt pizzafyll på kvar. Ha spekepølse og ferske urter oppå fyllet og til slutt strør du rikeleg med riven ost på toppen. Set midt i omnen og la steike i ca. 15 minutt, eller til bollane er sprø og osten er blitt smelta og gylden.