Glutenfrie potetlomper

[dropcap]I[/dropcap]kkje alle av oss er så heldige at vi tåler gluten og alle dei gode bakevarene ein kan lage. Potetlomper er sjølvsagt bakst til jul og er noko som er så godt at alle burde ete det. Desse er fri for gluten og kan derfor nytast av alle, utan at det går på bekostning av smaken.

Det å bake med glutenfritt mjøl er ikkje alle tider like enkelt og har ein store forventingar om å få til same smak og resultat som med vanleg mjøl kjem ein nok garantert til å bli skuffa. Desse lompene er bakt med jyttemjøl og har allikevel ikkje så alt for store skilnaden på smak i forhold til vanlege lomper. Dei blir saftige og smakfulle og deiga er ganske lett å jobbe med til tross for mangel på glutennettverk.

t3uahro9s9kzufxszpdznw_thumb_65a6

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 15 stk potetlomper:

  • litt over 1 kg poteter (eg brukte 50/50 av Beate og mandelpotet)
  • 1 ½ dl original jyttemjøl
  • 1 ts salt
  • litt vatn ( dersom deiga blir litt tørr)

[/recipe-foody]

Kok potetene med skalet på til dei er møre dagen før du skal bake og la dei avkjøle seg over natta.

Skrell potetene og ha dei over i ein bolle saman med saltet og mos dei godt med ei potetstappe. No kan du velge å mose og «elte» deiga godt for hand sjølv, men det enklaste er å lage deiga i ein foodprocessor. Ha potetene oppi og kjør til dei blir kornete. Tilsett så litt og litt av mjølet og kjør til du får ei samanhengande glatt deig som samlar seg i ein klump. Dersom deiga blir tørr kan du ha i litt kaldt vatn. Del så opp deiga i små emner på ca. 70 g pr. stk. og trill ut til bollar.

Strø jyttemjøl på kjøkkenbenken og trykk bollane litt flate. Strø mjøl oppå bollen også før du kjevler for å unngå at deiga klistrer seg fast. Kjevle så alle bollane ut til runde flate leiver på ca. 2-3 mm tjukkelse. Steik så lompene på begge sider på ei takke eller i tørr steikepanne til dei er lyse med brune flekkar. Legg dei så i ein stabel oppå kvarandre inni eit kjøkkenhandklede slik dei held seg saftige og mjuke.

4 Kommentarar

  1. Bra det finnes slike som deg som tenker på oss som ikke tåler gluten. Blir spennende å se hvilke oppskrifter du finner på fremover 🙂

  2. Kan disse fryses ned?

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*