Gnocchi med bacon & fløtesaus

2EG12BRvRX2sdwsgkZUi+A_thumb_6990

Den italienske retten gnocchi er ein type pasta som er laga av poteter og mjøl og er ofte servert saman med ein god saus. Her er gnocchien servert med ein god fløtesaus med steikte baconbitar, spinat og eit hint av sitron.

Eg har lenge hatt lyst til å prøve meg på heimelaga gnocchi og blei overraska over resultatet. Smaken er etter mi meining enda betre enn vanleg pasta sidan det får ein rikare og meir smakfull aroma. Konsistensen på gnocchien er mjuk og når du steiker den i panna etter koking får den ei nydeleg god skorpe på utsida. Retten er ein skikkeleg koserett og er perfekt å servere som helgamat. Det er litt arbeid å lage sjølve gnocchien, men til gjengjeld er smaken så absolutt verdt det og sausen tek det kort tid å lage.

IELrYyOZR0CotzZaxP4HDg_thumb_6987

Vd8aafQoTMef62SA5YEngw_thumb_6965

Ingrediensar til gnocchi med bacon & fløtesaus for ca. 4 personar:

Gnocchi:

  • 500 g kokefaste poteter
  • 3-3 ½ dl kveitemjøl
  • 1 lite egg
  • 1 ss smør, romtemperert

Bacon & fløtesaus:

  • 2 fedd kvitløk
  • 4 små sjalottløk
  • 4 dl fløte
  • ½ ts muskatnøtt, malt
  • 250 g bacon, i bitar
  • ca. 100 g fersk spinat
  • 1-2 sitronar, skalet
  • 40 g parmesan, riven
  • 3-4 ss fersk persille
  • salt & peppar
  • olivenolje, til steiking

Kok potetene med skalet på til dei er møre og hell av vatnet. La potetene avkjøle seg litt. Skrell potetene og mos dei gjennom ei potetpresse eller med ein potetstappar. Tilsett mesteparten av mjølet, egg og smør og kna saman til du får ei fast deig. Juster med meir mjøl etter behov, men pass på slik at deiga ikkje blir alt for kompakt. Når deiga er godt knadd og ikkje klistrar lenger kan du trille lange pølser på tjukkelse med ein finger. Del opp i små bitar på ca. 2-3 cm lengde. Bruk ein gaffel og trykk ned i gnocchibitane slik dei blir lett flate. Strø godt med mjøl på eit stort fat og legg gnocchien på fatet etterkvart som dei blir ferdige. Strø eit godt lag med mjøl over dei slik at dei ikkje klistrar seg saman. Kok opp lettsalta vatn i ein stor kjele. Kok gnocchien i ca. 3-4 minutt. Dei er ferdige når dei flyt opp. La vatnet renne godt av før du legg dei over på eit fat og heller over litt olivenolje.

0DnDZhMUSxm5qzPPPDGjIw_thumb_6963

Steik baconbitane i ei steikepanne til dei blir sprø og gyldne og legg til sides. Finhakk kvitløk og sjalottløk og la det surre på middels varme i litt olivenolje (evt. fettet frå baconet) til løken er mjuk og blank. Ha i spinat og baconbitane og la det surre med til spinaten har krympa saman. Samtidig steiker du gnocchien i litt olivenolje i ei steikepanne til den får ei gylden skorpe på utsida. Ha i muskatnøtt og fløte i løk-og baconblandinga og la det få eit forsiktig oppkok. Skru ned varmen og ha i sitronskal, parmesan og persille. Smak til sausen med salt og peppar. Server steikt gnocchi og topp med fløtesaus og gjerne eit ekstra dryss med sitronskal på toppen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *