Gnocchi med kantarell

5ET3uRj4R52BA1tlZF2ahw_thumb_729d

Gnocchi har blitt ein ny favoritt i heimen i det siste og erstattar ofte den vanlege pastaen. Den mjuke konsistensen og smaken poteta gir i ei pasta-deig må du berre prøve!

Gnocchi-deiga lagar du enkelt ved hjelp av framgangsmetoden i dette innlegget her. Deiga kan du også lage fleire dagar før og pakke godt inn i plastfolie og fryse ned dersom du vil ha den klar på førehand. Då tek du den opp av frysaren om morgonen og let den tine i kjøleskap til du skal bruke den seinare på dag. Du må gjerne rekne med ein del ekstra mjøl til utbaking og rulling av gnocchi-deiga dersom den har vore fryst, sidan den då vil vere ekstra fuktig.

Sjølve sausen og tilbehøret til denne retten er utruleg enkelt og kjapt å lage, så dette tek ikkje lange tida dersom du har juksa litt og laga klart deiga på førehand. Den fyldige smaken frå fløten blir lett skarp og aromatisk på grunn av både sennep og kvitvinseddik og gjer at retten ikkje får det typisk mektige uttrykket. Kantarell og sjalottløk er nydeleg saman med både potet-og pastarettar, så her snakkar vi gode smakar med mykje aroma!

GDPjDkN4TgSGFHOx71d38w_thumb_729c

u0VArNkCSVawlqT9+RO42Q_thumb_72a4

Ingrediensar for ca. 4 personar:

  • ca. 500 g fersk gnocchi (heimelaga etter denne oppskrifta/ferdig frå butikken)
  • 300 g kantarell
  • 1 ss grov sennep
  • 1 ts dijonsennep
  • 1 dl kyllingkraft
  • 2 ss kvitvinseddik
  • 1 ¾ dl fløte
  • 1 sjalottløk
  • timian & persille
  • salt & pepar
  • parmesan, til servering
  • smør, til steiking

For å lage kantarell-sausen varmar du opp ei steikepanne. Legg kantarellen i tørr steikepanne på middels høg varme og lat steike til den byrjar å sleppe væske. Tilset litt smør i panna og  lat kantarellen bli gylden. Legg kantarellen til sides. Finhakk sjalottløken og ha den i panna saman med litt smør og lat surre på lav varme til den er mjuk og blank. Ha i kyllingkraft, begge typar sennep og kvitvinseddik. Gi det eit oppkok og lat småputre i 4-5 minutt.

Kok opp lettsalta vatn i ein stor kjele. Ha i gnocchien og lat koke i 3-4 minutt. Dei er ferdige når dei flyt opp til overflata. Hell av vatnet og hell over litt olivenolje og hald dei varme under lok. Ha i fløte i sausen og lat koke opp igjen. Lat det deretter koke nokre minutt til det tjuknar litt. Smak til med timian, persille, salt og pepar. Ha i kantarellen i sausen og bland godt saman. Ha gnocchi over i panna med sausen og vend det saman slik sausen dekkjer alt. Server gnocchien med riven parmesan og gjerne eit dryss ferske urter.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *