Granateplesirup

DSC_0832

Bærsirupar har eit allsidig bruksområde og fungerer like bra på søte og salte rettar. Denne granateplesirupen smakar både søtt og syrleg og kan brukast til det meste!

Granateple har ein søt, syrleg og litt bitter smak som gjer at det passar like bra på dessertar, middagsrettar og i salatar. Dei knallraude små frøa sett farge og friskheit til dei fleste typar rettar. Prøv denne sirupen gjerne saman med viltkjøt og norsk tradisjonsmat som kjøtkaker og liknande. Porsjonen her blir ganske liten, men sirupen er drøy i bruk.

Ingrediensar til ca. 1 dl ferdig granateplesirup:

  • 2 store granatepler (5 dl rensa frø som gir 2 ½ dl juice)
  • ½ dl sukker
  • 1 ss lys sirup
  • sitronsaft

Eit lite tips for å få frøa frå granatepler ut frå det kvite skalet er å skjære granateplet i to og legge det i ei stor skål med kaldt vatn. Bryt skalet frå kvarandre og grav forsiktig ut frøa med fingrane medan det ligg under vatn i skåla. På denne måten slepp du at det sprutar fruktsaft utover alt. Gjenta dette med begge granatepla og skill frø frå det kvite. Tørk forsiktig vatnet frå granateplefrøa og ha dei i ein stavmiksar og kjør nokre sekund, til du har fått granateplejuice. Sil av kjernerestane og fruktkjøt frå juicen og ha den reine fruktsafta (du skal sitte igjen med ca. 2 ½ dl) i ein kjele saman med sukker og sirup og kok forsiktig opp. Skru ned temperaturen og la det småputre forsiktig til væska har redusert til ca. halvparten. Dette kan ta rundt 30 minutters tid. Ta kjelen av varmen og smak til med sitronsaft. Hell over på eit lite glas eller liknande og oppbevar kjølig.

DSC_0823

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *