Granola med epler & kanel

Granola smakar nydeleg til både frukost, mellommåltid, lunsj eller som snacks. Eplegranola med kanel og honning er perfekt og mettande frukost saman med meieriprodukter og gir ein fin start på dagen.

Mi morgenrutine består som regel alltid av ei skål med yoghurt toppa med granola og bær. Denne herlege eplegranolaen smakar godt av kanel og eple og lukta som sprer seg i huset når du lagar den kan minne om lukta av jul. Prøv deg på heimelaga granola du også og gjer frukostmåltida til eit smakfullt augeblikk.

DSC_0974

Ingrediensar til 1 stor porsjon granola:

  • 2 store epler (norske)
  • ½ + ½ dl brun farin
  • 2-3 ss kanel
  • 5 dl havregryn
  • 2 dl grovmalte hasselnøtter
  • 1 dl valnøtter, grovhakka
  • 1 ts vaniljeekstrakt
  • 50 g smør, smelta
  • ca. 4 ss akasiehonning

Forvarm steikeovnen til 175 ºC. Skrell epla, fjern kjernene og skjær i ca. ½-1 cm tjukke skiver og deretter i små terningar. Ha eplebitane i ei skål saman med den eine ½ dl brun farin og halvparten av kanelen. Bland det godt saman og spre deretter utover eit bakepapirkledt steikebrett. Sett inn i den forvarma ovnen og la det stå i ca. 10-15 minutter, til epla har blitt møre. Ta ut brettet og la det avkjøle seg litt.

Bland saman resten av ingrediensane i ein bolle og ha deretter i epleblandinga og rør godt rundt til alt er fint fordelt. Spre blandinga utover steikebrettet igjen og sett midt i ovnen. La granolaen steike i ca. 30 minutter. Snu deretter blandinga oppned med ein spade og la det stå i ca. 10 minutter til, til granolaen er blitt sprø og har fått ein gyldenbrun farge. Avkjøl heilt på brettet og ha så over på tett glas. Granolaen held seg ca. 1 vekes tid (pga. fuktigheita frå epla), men den er gjerne oppspist til den tid uansett!

Server granolaen gjerne på gresk yoghurt saman med litt friske epler eller også som snacks eller til dessertar. Nyt den herlege smaken av sprø havregryn, søt honning, kanel og dei litt seige eplebitane.

DSC_0978

2 comments

  1. Jeg har laget denne tre ganger nå, men uten eplene. Kun den «tørre» granolaen. Den blir jo så innmari god. Helt fantastisk oppskrift. Det jeg lurer på er at etter ca 25 minutter må jeg bare ta det ut for det begynner å bli brent. Oppskriften sier vel totalt 40 minutter. Er det fordi at jeg ikke har med eplene eller kan det være så stor forskjell på ovner?

    1. Hei! Så kjekt at du likar denne så godt! 🙂 Eg er avhengig av å ha heimelaga granola ståande i skapet til ei kvar tid sjølv. Det vil nok ha ein god del å seie at du droppar epla i oppskrifta. Dei skal bakast i omnen med sukker før det blir tilsett i resten og blir ganske så fuktige då. Så dette vil nok ha mykje å seie for steiketida. I tillegg er det som du seier svært stor forskjell på omnar og varme. Opplever stadig å måtte endre steiketid på oppskriftene mine no når eg har brukt ulike omnar siste tida 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *