Gratinert pasta & kjøtbollar

6GsMoBJNSFOoxqM8YMp5uA_thumb_6851

Ein middag der alt kan lagast i same panne er praktisk mat for kvardagar. Denne retten består av tomatsaus, pasta, kjøtbollar og masse mozzarella, og det heile lagar du i same steikepanne. Toppar du det heile med fersk basilikum og parmesanost så har du eit smakfullt måltid i eitt!

I denne retten lagar du tomatsausen, kokar pastaen og toppar med kjøtbollar og ost i steikepanna før du set det heile inn i steikeovnen for å gratinere. Så her bør du bruke ei steikepanne med høge kantar som tåler å stå i ovnen. Retten gir saftig pasta i aromatisk tomatsaus og får eit lok av sprø ost utan bruk av masse panner og søl.

8fVjopVaSTuPumt2t7sfqg_thumb_6847

Ingrediensar til pasta for ca. 4 personar:

  • 1 stor løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 2 ss tomatpurè
  • 2 bokser hermetisert tomat (gjerne cherrytomat)
  • ¼ raud chili
  • 3-4 dl kjøtkraft
  • ca. 250 g pasta tagliatelle
  • fersk basilkum
  • salt & peppar

Kjøtbollar:

  • 400 g kjøtdeig
  • 1 egg
  • 1 ts tørka oregano
  • 1 ts tørka basilikum
  • 1 ts paprikapulver
  • salt & peppar
  • ca. 200 g mozzarella
  • riven parmesan
  • fersk basilkum

Forvarm steikeovnen til 225 ºC.

Varm opp litt olivenolje i ei steikepanne med høge kantar. Finhakk løk og kvitløk og la det surre i panna på middels varme til løken er blank og mjuk. Finhakk chili og tilsett i panna. Ha i tomatpurè og hermetisert tomat og la det surre med eit par minutt. Ha i kjøtkrafta og la det få eit oppkok. Legg i pastaen og la det småkoke i ca. 5-7 min. Ha i fersk basilikum og smak til med salt og peppar.

Bland saman kjøtdeig, krydder og egg til ei fast farse. Trill runde kjøtbollar (ca. 10 stk) av deiga og plasser på toppen av pastaen og sausen i panna. Fordel mozzarellaost i klattar utover i panna og strø gjerne på litt parmesan på toppen. Sett midt i steikeovnen og la steike i ca. 20 minutt, til kjøtbollane er gjennomstekte utan å bli for tørre og osten er smelta. Server med ekstra basilkum og parmesan.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *