Graven ørret

[dropcap]G[/dropcap]raven laks eller ørret blir ofte brukt til jul og koldtborda rundt julehøgtida, men denne nydelege fiskeretten er like god heile året rundt. Om du ikkje rakk å lage dette til jul så er det berre å sette i gong no, så har du eit smakfullt og sunt pålegg til brødmaten eller fyll til lomper og liknande.

Graven ørret er godt saman med brødmat og eggerettar og også saman med spekemat og flatbrød. Tradisjonelt er nok graven laks det som er mest brukt, men eg synest at ørret gir ein bedre smak. Sjølv lagar eg ein porsjon til jul kvart år som eg fryser ned i passande stykker, så har eg fiskepålegg til ut i det nye året som eg tek opp etter behov. Det å grave ørret/laks er i prinsippet ganske lett, men det lønner seg å kunne handtere ein filetkniv nokonlunde om du brukar heil fisk. Får du ikkje tak i heil ørret eller laks kan du kjøpe ein filet med skinnet på. Fisken bør ha vore fryst ned før bruk for å fjerne eventuelle bakteriar. Eg brukar å kjøpe ein heil frossen fisk og så tiner eg den nesten heilt i romtemperatur før eg skjærer ut to filetsider. Er du ikkje dreven på filetering så kan du alltids hente inn ein far eller andre familiemedlem til å hjelpe deg!;)

[recipe-foody]Ingrediensar til to heilsider med graven ørret:

  • 2-3 kg heil ørret ( eller laks), frossen
  • 1 dl sukker
  • 1 dl salt
  • 5-6 ts rosèpeppar
  • 1 plante fersk dill, grovhakka (evt. to pakkar dill)
  • 2-3 ss cognac

[/recipe-foody]

Tin ørreten til den er nesten heilt gjennomtint og skjær den i to beinfrie filetar og la skinnet sitte på. Bland saman sukker, salt og rosèpeppar i ei skål. Strø ein del av salt-og sukkerblandinga i botnen på eit djupt og stort fat eller ildfast form og strø over litt hakka dill. Legg eine ørretsida med skinnet ned i forma og strø over halparten av salt-og sukkerblandinga og rikeleg med dill. Hell over cognac utover fileten og legg deretter den andre ørretfileten oppå den fyrste med skinnsida opp slik at fiskekjøtet på filetane ligg mot kvarandre. Strø på resten av salt-og sukkerblandinga og resten av dillen. Dekk fatet med aluminiumsfolie og sett det i kjøleskap. Slik skal fisken stå i 3 døgn slik at det vil danne seg ein lake i botnen på forma. Kvar morgon og kveld (2 gongar dagleg) skal du snu ørreten slik at begge sidene får ligge i laken.

Etter 3 døgn kan du ta ut ørreten av laken og skjære i passe store stykker og pakke dei i aluminimsfolie. Gravørreten er flott å fryse ned og ta opp etter behov. I kjøleskapet vil fisken halde seg i ca. 1 vekes tid.

DSC_0118

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*