Gresk moussaka

DSC_0386

Den tradisjonelle greske moussakaen er som lasagane er for italienarane. Eg har ete mykje moussaka i mitt liv, men ingen slår dei ekte greske du får i Hellas. I barndommen blei moussaka forbunde med ein slags lasagnelignande grateng der pastaen var bytta ut med poteter. Her får du den autentiske varianten med både kanel og aubergine som gir den karakteristiske smaken.

Om du er frista til å bytte ut aubergine med poteter så lat det vere og prøv heller moussaka på ekte vis. Ein del synest kanskje det er noko spesielt med både aubergine og kanel i denne middagsretten, men dersom det er tilberedt på korrekt måte og råvarene får den behandlinga dei skal så smakar dette så mykje bedre enn den fornorska varianten med poteter.

DSC_0382

Ingrediensar til moussaka for ca. 6 personar:

  • 2 middels store aubergine
  • 600 g kjøtdeig av lam/storfe
  • 1 stor gul løk
  • 3 fedd kvitløk
  • 400 g hermetisert tomat (av god kvalitet for å oppnå rund og søt smak)
  • 2 ss tomatpurè
  • 2 dl kjøtkraft
  • ¾ dl rødvin
  • 1 toppa ts kanel
  • 2 ss tørka oregano
  • nokre stilkar fersk persille, finhakka
  • olivenolje
  • salt & peppar

Bechamelsaus:

  • 3 ss smør
  • 4 ss kveitemjøl
  • 5 dl heilmjølk
  • ¼ ts muskatnøtt, malt
  • 2 egg
  • salt & peppar
  • ca. 150 g kvit ost, reven

Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Skjær aubergine i ca. 1 cm tjukke skiver og legg utover eit brett. Strø på litt salt og la dei ligge i ca. 30 minutter slik at vatnet i auberginen trekk seg ut. Dette er svært viktig å gjere slik du slepp å få ein blaut og vassen grateng.  Tørk deretter av auberginen all væska som har komt ut. Ha litt olivenolje utover eit steikebrett og legg aubergineskivene utover. Ringle over litt olivenolje på toppen og sett inn i steikeovnen og la dei steike i ca. 20-30 minutter, til dei er gyldne på farge og har krympa saman litt.

Samtidig som auberginen står i ovnen kan du lage kjøtsausen. Start med å varme opp litt olivenolje i ei steikepanne. Finhakk løk og kvitløk og ha det i panna. La det surre på middels varme til løken er mjuk og blank. Ha i kjøtdeiga og skru opp varmen litt og la det steike til kjøtet er bruna på alle sider. Tilsett tomatpurè, hermetiserte tomatar, kjøtkraft, rødvin, kanel og oregano. La det stå og småputre til væska har kokt inn ein del. Ha i fersk persille og smak til med salt og peppar.

Når aubergineskivene er ferdig stekte tek du ut brettet og lar dei kjøle seg ned litt. Skru deretter opp steikeovnen til 225 ºC.

For å lage bechamelsausen smeltar du smøret i ein kjele og tilsetter kveitemjølet under kraftig pisking. Spe på med mjølka litt og litt i gongen samtidig som du rører godt i botnen på kjelen. La sausen tjukne under stadig omrøring. Når sausen har nådd kokepunktet og er blitt tjukk og god kan du trekke den frå varmen og ha i muskatnøtt. La sausen kjøle seg ned litt i ca. 5 minutters tid før du tilsetter egga eitt om gongen samtidig som du piskar godt saman med ein visp. Smak til med salt og peppar.

DSC_0408

Legg dei ferdig stekte aubergineskivene i botnen på ei ildfast form eller steikepanne (som tåler steikeovn) jamnt utover slik dei overlappar kvarandre. Fordel deretter kjøtsausen utover i eit jamnt lag og topp deretter med bechamelsausen. Strø over riven ost og sett midt i steikeovnen. La moussakaen steike i ca. 30-35 minutter, til osten er gylden og sausen har stivna. Server saman med gresk salat.

DSC_0406

3 comments

  1. Hei, så utrolig flott blogg du har!
    Jeg har lenge hatt lyst til å lage skikkelig moussaka og lurer på hvor du får tak i kjøttdeig av lam?

    1. Hei! Takk for det!:) Eg har brukt å kjøpe kjøtdeig av lam på ein del Coop-butikkar, og dersom eg ikkje har fått tak i det så har eg kjøpt lammmelår når dei er på tilbod og malt opp til kjøtdeig sjølv. Lykke til med både lammekjøt og moussaka!:)

  2. Takk for svar! Skal ta meg en tur og se hva jeg kan finne – forhåpentligvis blir det snart moussaka her 😀

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *