Greske lammekotelettar med salat, tzatziki & rosmarinpoteter

[dropcap]S[/dropcap]ommerlig og enkel mat med mykje god smak av urtar. Greskmarinerte lammekotelettar er smakfull mat som iallfall vekker minner frå dei greske øyene for meg.

Om sommaren ikkje består av sol og varme og ei reise til Hellas, så kan du i allfall få fram dei greske smakane heime på kjøkkenbenken og middagstallerkenen. Lammekjøt er mykje brukt i Hellas. Saman med sitron og olivenolje gir dei gode urtene ein saftig og god kraft til lammekjøtet. Tzatziki og salat med oliven og fetaost er også ei sjølvfølge i ein gresk meny.

[recipe-foody]Ingrediensar til greskmarinerte lammekotelettar & tilbehør for 4:

Lammekotelettar:

  • 1 kg lammekotelettar/lammebog i skiver
  • 2 sitronar
  • 3 fedd kvitløk
  • 3 ss tørka oregano
  • 3 ss tørka rosmarin
  • 1 dl olivenolje
  • salt & peppar

Rosmarinpoteter:

  • mandelpoteter
  • tørka rosmarin
  • olivenolje
  • salt & peppar

Tzatziki:

  • ½ agurk
  • 3 dl gresk yoghurt
  • 1 fedd kvitløk, finpressa
  • 1 ts tørka/fersk mynte
  • sitronsaft
  • salt & peppar

Gresk salat:

  • grøn salat
  • kalamataoliven
  • tomat
  • agurk
  • rødløk
  • evt. fetaost

[/recipe-foody]

Det fyrste du bør gjere er å starte med marinaden til lammekotelettane nokre timar før middag. Ha kjøtet i ein pose eller bolle og press over all safta frå sitronane. Press kvitløksfeddet og ha i det, oregano og rosmarin. Krydre godt med salt og peppar og hell over olivenoljen og bland det godt saman med kjøtet. Sett så til sides og la marinere i 2-3 timar i romtemperatur.

Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Kok mandelpotetene i ca. 5 minutter og hell av vatnet. Det å koke potetene før steiking gjer at dei blir ekstra sprø under steiking.  Del potetene så i båtar og legg i ei ildfast form og krydre godt med rosmarin, salt og peppar. Sett dei så inn i ovnen og la steike i ca. 30-45 minutter.

Varm opp ei steikepanne eller grillpanne og steik lammekotelettane på høg varme i ca. 1 minutt på kvar side. Legg så i ei ildfast form og hell over den resterande marinaden som er igjen i posen/bollen. Krydre gjerne med litt ekstra rosmarin om du føler for det. Sett så inn i steikeovnen saman med potetene og la stå i ca. 30 minutter. Om potetene ikkje har blitt heilt sprø når tida har gått ut kan du skru på grillfunksjon nokre minutter.

For å lage tzatziki river du agurken grovt på eit rivjern. Klem så ut mesteparten av vatnet. Bland saman med den greske yoghurten. Her kan du justere mengda agurk/yoghurt litt etter kor tjukk eller rennande du vil ha tzatzikien. Ha så i kvitløk og mynte. Smak til med sitronsaft, salt og peppar.

Lag ein gresk salat og server så saman med tzatziki, ovnssteikte poteter og lammekotelettar. Hell over litt av krafta i forma frå kjøtet for å få med litt ekstra av den gode smaken.

DSC_0370

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*