[dropcap]M[/dropcap]juke og saftige pitabrød med brente flekkar som gir god smak er perfekte som tilbehør til greske rettar og grilla kjøt. Denne varianten av pitabrød er ikkje heilt slik vi nordmenn er vande med der du får den store lomma du kan fylle med mat inni, men er meir likt eit naanbrød i konsistens og tjukkelse.
Pitabrøda er supre å toppe med masse salat og godt kjøt og rulle saman som ein slags wrap. Mine pitabrød blei brukt til gresk souvlaki (grilla kjøtspyd) og god salat og dressing. Pitabrøda er flotte å fryse ned og ta opp ved seinare anledningar. Dei blir som nystekte igjen ved tining og deretter oppvarming i steikeovnen. Eg har brukt grillpanne for å steike mine pitabrød. Det er den som gir dei fine grilla rillene på brøda, men har du ikkje det kan du fint bruke ei vanleg steikepanne.
[recipe-foody]Ingrediensar til 12 stk store pitabrød:
- 3 ½ dl vatn, lunka/varmt
- 1 ss tørrgjær
- 2 ss akasiehonning
- ½ dl olivenolje
- 150 g gresk yoghurt, tjukk type
- ca. 750 g kveitemjøl
- 2 ts salt
[/recipe-foody]
Ha det lunka vatnet i ein bakebolle og rør ut gjæren i det. Tilsett akasiehonning, olivenolje og gresk yoghurt og bland det saman til alt er oppløyst. Ha i mesteparten av kveitemjølet og saltet. La deiga elte i maskin i ca. 10 minutter. Tilsett evt. meir mjøl ved behov. Deiga er ferdig elta når den er glatt og smidig og slepper bakebollen relativt lett. Form til ein ball og dekk til bakebollen. La deiga heve til dobbel størrelse, ca. 1- 1 ½ time.
Del deiga i 12 emner og trill til runde bollar. La dei kvile litt medan du varmar opp ei grillpanne eller steikepanne. Kjevle ut bollane til runde leivar på ca. 2-3 mm tjukkelse. Pensle grillpanna med litt olivenolje. Når panna er god og varm steikar du pitabrøda i ca. 2-3 minutter på kvar side på middels varme, til dei har fått brune flekkar og bles seg opp med små bobler her og der. Legg pitabrøda i ein stabel under eit kjøkkenhandklede slik dei held seg saftige. Om du skal bruke pitabrøda umiddelbart kan du halde dei varme på lav temperatur i steikeovnen til servering.
Fantastisk gode!! 🙂