Grilla sandwich med cheddar, serrano & honning

[dropcap]G[/dropcap]rilla sandwich eller ostesmørbrød er skikkeleg kosemat til kvelds eller som lettvint middag saman med litt salat. Denne varianten er laga med skiver av godt heimelaga grytebrød, cheddarost, serranoskinke og honning for å nevne nokre av ingrediensane.

Grilla sandwich er snaddermat når du vil ha ein enkel middag på travle dagar der middagskokkeleringa utgår eller berre for å kose deg litt med kveldsmaten. Denne sandwichen er laga i Le Creuset grillpanne som gir dei fine grilla rillene i brødet og gjer det sprøtt og godt. Har du ikkje grillpanne kan du fint lage i ei vanleg steikepanne, i toastjern eller rett og slett i steikeovnen. Smakane her gir ein herleg kombinasjon med både søtt og salt og litt ekstra “krønsj” frå valnøttene inni sandwichen og den sprø skorpa på brødet.

DSC_0560

[recipe-foody]Ingrediensar til grilla sandwich for 1 person:

  • 2 skiver godt heimelaga brød
  • akasiehonning
  • valnøtter, grovhakka
  • ca. 3-4 skiver cheddarost
  • 1 skive serranoskinke
  • ein neve rucculasalat
  • ein stilk fersk rosmarin
  • smør, til steiking

[/recipe-foody]

Varm opp litt smør i ei grillpanne med riller. Ha litt akasiehonning på begge skivene. Legg 1-2 skiver cheddarost på eine brødskiva og strø litt valnøtter over. Legg deretter serranoskinke, ruccula og fersk rosmarin på skiva. Topp med resten av cheddarosten og legg den andre brødskiva oppå det heile. Legg sandwichen i grillpanna og sett ein tung kjele oppå for å få litt press ned i panna. La det steike i ca. 3-5 minutter på middels varme, eller til brødet er blitt sprøtt og gyldent med mørke grillmerker. Snu sandwichen og steik på andre sida til den også er sprø og gylden og osten er smelta. Server gjerne saman med litt salat for å få eit fullkomment måltid og nyt det heile.

DSC_0565

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*