Grovbrød

IJO+St2tTziRNcbNZbxKmA_thumb_70ad

Grove brød til kvardags er nødvendig til matpakken og desse brøda passar heilt topp til det føremålet. Brøda inneheld både rug, havre og fullkorn og er akkurat passe grove.

Tida for skule og matpakke er i gang igjen med ein ny haust på veg, og då er det viktig med litt godt og sunt påfyll i matpakken. Brøda er enkle å få til og blir store og flotte med sprø skorpe. Oppskrifta held til 2 store brød.

K4g8tVWERaezSJYpxef+hw_thumb_7078

4GbkxK7kQ1qWkfTVQGKZ7Q_thumb_707b

Ingrediensar:

  • 150 g sammalt rug, grov
  • 75 g havregryn
  • 50 g heile rugkorn
  • 3 ½ dl vatn, varmt
  • 400 g kveitemjøl
  • 250 g fullkornsmjøl
  • 2 ts salt
  • ½ pk fersk gjær
  • 3 ½ dl lettmjølk
  • 1 ts mørk sirup

Bland saman rug, havregryn, rugkorn og 3 ½ dl varmt vatn i ein bakebolle og lat det stå å svelle i ca. 20-30 minutters tid. Deretter har du i resten av ingrediensane og eltar deiga godt i kjøkenmaskin i ca. 10 minutt, til deiga er glatt og smidig. Dekk bollen med plastfolie og lat heve i ca. 1 ½ time eller til dobbel storleik.

Smør to 2-liters brødformer med olje. Hell den ferdig heva deiga ut på kjøkenbenken og del i to like emne. Form til to avlange brød og legg i formene. Dekk til formene og lat etterheve på ein lun stad i ca. 30-45 minutt.

Forvarm steikeomnen til 200 ºC. Pensle brøda med vatn eller mjølk og snitt nokre snitt på skrå. Set dei på nederste rille i varm omn og lat steike i ca. 55-60 minutt, til brøda er gyldne og sprø. Avkjøl på rist.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *