Guinnessbraiserte lammeskankar & potetstappe

dsc01063

Lammekjøtet er nok ein gong i butikkane i forskjellige utgåver og tida er inne for både fårikål, lammesteik og gryter. Lammeskankar braiserte i øl saman med gode grønsaker og potetstappe med rosmarin og kvitløk stod på min lammekjøtmeny og kanskje også på din?

Lammeskankane får utruleg mørt og saftig kjøt ved å tilberede på denne måten. Kjøtet er fyrst bruna godt før det blir kokt på lav varme i øl og kraft i ei gryte med lok over lengre tid slik at smakane får utvikle seg. Ølet gir kjøtet og krafta ein djup og aromatisk smak. Grønsakene er med på å gi ein svært smakfull og litt tjukk kraftsaus i gryta. Dersom du vil ha litt fastare grønsaker til å servere kan du tilsette halvparten av grønsakene ved starten for å få med den gode smaken, og deretter tilsette resten når ca. halve koketida er gått. Ved sida av lammeskankane og den gode krafta har eg servert ei luftig og mjuk potetstappe som inneheld både kvitløk og rosmarin som passar ypperleg til lam.

dsc01067

Ingrediensar til ølbraiserte lammeskankar for ca. 4 personar:

  • 4 stk lammeskankar (ca. 350 g pr. stk)
  • 2 middels store gulrot
  • 1 gul løk
  • ½ sellerirot
  • ½ purre
  • 1 stort fedd kvitløk, knust
  • nokre stilkar fersk timian
  • nokre stilkar fersk rosmarin
  • 2 ss kveitemjøl
  • 440 ml Guinness, eller anna mørkt øl
  • 2 ½ dl kjøtkraft (gjerne storfe)
  • olivenolje, til steiking
  • salt & peppar
  • fersk persille, til servering

Rosmarin-og kvitløkspotetstappe:

  • 800 g mandelpotet
  • 1 ½ dl fløte
  • 1 ½ dl heilmjølk
  • 2 fedd kvitløk, i skiver
  • 2-3 ss fersk rosmarin, grovhakka
  • 60 g smør
  • salt

Forvarm steikeovnen til 140 ºC.

Varm opp litt olivenolje i ei stor gryte med lòk. Krydre lammeskankane med salt og pepar og brun dei godt på alle sider i gryta på middels høg varme. Ta dei ut og legg til sides. Kutt gulrot, løk, sellerirot og purre i store grove bitar. Legg gjerne til sides halvparten til seinare om du vil ha litt faste grønsaker å servere (tilsett dei då i gryta når halve tida er igjen). Ha grønsakene i gryta saman med kvitløksfeddet og la det surre litt til det får farge. Ha i urtar og kveitemjøl og rør godt rundt til alle grønsakene er dekte av mjølet. Hell i ølet medan du skrapar godt ned i botnen på gryta slik du får med alle smakane frå steikinga. Ha i kjøtkrafta og la det koke opp. Legg lammeskankane ned i væska i gryta og legg på lòk. Sett gryta inn i den forvarma ovnen og la det stå i ca. 2- 2 ½ time, til lammekjøtet er mørt og løsnar frå beinet.

Når det nærmar seg at kjøtet er ferdig kan du koke mandelpotetene med skalet på til dei er møre. Ha fløte, mjølk, kvitløk og urtar i ein kjele og la det koke forsiktig opp. Deretter lar du det stå og trekke litt. Skrell potetene og stapp dei med ei potetstappe. Varm opp igjen fløteblandinga og tilsett smøret. Hell i litt og litt av fløteblandinga over potetene og visp med ein ballongvisp. Fortsett slik til du har ein passande fløyelsmjuk konsistens. Smak til med salt og peppar.

Når lammekjøtet er ferdig tek du gryta ut av ovnen. Dersom du vil ha ein litt tjukkare kraftsaus av krafta i gryta fjernar du lammeskankane forsiktig ut av gryta og pakkar dei inn i folie slik dei held på varmen. Sett gryta på komfyren og gi krafta eit oppkok og kok inn krafta til den tjuknar. Tilsett gjerne litt maizena utblanda i kaldt vatn om du ønskar ein tjukkare saus. Smak til med salt og pepar. Server deretter lammeskankane på ei seng av potetstappe og hell over kraft og grønsaker. Dryss gjerne litt fersk persille på toppen.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *