Gulrotrundstykker

[dropcap]P[/dropcap]å bakefronten er rundstykker med gulrot kanskje den oppskrifta som har fulgt meg mest gjennom dei siste åra. Grunnen er enkelt og greit at det er lett å lage og eg får saftige og luftige rundstykker kvar einaste gong. Allikevel er det blitt lenge sidan sist dei stod på menyen, så då var det på tide å hente fram oppskrifta igjen.

Oppskrifta inneheld også eit lite hint av timian som passar godt saman med gulrot. Om du vil ha ein litt meir nøytral smak som passar like godt til søte pålegg som salte så kan du fint droppe krydderet. Rundstykka er supre å fryse ned og smakar like ferskt etter opptining.

DSC_0712

DSC_0697

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 16-17 stk gulrotrundstykker:

  • 50 g meierismør
  • 2 ½ dl heilmjølk
  • 2 ½ dl vatn
  • 50 g ferskgjær
  • 2 ss lynghonning
  • 2 ts salt
  • 2 ss tørka timian
  • 5 dl finreven gulrot
  • ca. 1 liter fint kveitemjøl
  • 8 dl grovt sammalt kveitemjøl
  • 1 egg, til pensling
  • solsikkefrø/evt. anna type frø til pynt

[/recipe-foody]

Smelt smøret i ein kjele og tilsett mjølka og vatnet og la det bli lunka. Rør ut gjæren i væska og hell det over i ein bakebolle. Ha i honning, salt, timian og finreven gulrot. Tilsett alt det grove mjølet og mesteparten av det fine kveitemjølet. Elt deiga i kjøkkenmaskin i ca. 10 minutter og tilsett resten av kveitemjølet etter behov. Når deiga er elastisk og slepp bakebollen knar du den saman til ein ball på benken. Legg deiga tilbake i bakebollen, dekk med plastfolie og la heve til dobbel størrelse, ca. 1 ½ time.

Del deiga i ca. 16-17 like store emner og trill til bollar. Sett dei på bakepapirkledd steikebrett og la etterheve i ca. 45-60 minutt, til dobbel størrelse. Dersom du vil ha brødblomster slik som eg har laga sett du ein bolle i midten og plasserer resten av bollane rundt i ein sirkel med ca. 2 cm mellomrom slik dei hevar seg saman.

Forvarm steikeovnen til 225 ºC. Pensle rundstykka med egg og strø over solsikkefrø. Sett midt i steikeovnen og la steike i ca. 10-12 minutter, til dei er gyldne og sprø på toppen. Avkjøl på rist.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*