Gyros med greske kjøtbollar

LbEXDDIcTzeR0AvG%xtMpQ_thumb_6d56

Gyros er ein gresk rett der ein originalt brukar svinekjøt eller kyllingkjøt som er marinert og grilla på vertikale spyd. Andre stader kan det også bli brukt storfe eller lam. Kjøtet er servert i ein rull av pitabrød og saman med tzatziki, løk, og tomat. I min versjon har eg laga greskkrydra kjøtbollar som eg har servert i store og mjuke pitabrød.

I følgje enkelte kjelder skal shawarma frå Midtausten, meksikanske taco og greske gyros alle ha utvikla seg etter den tyrkiske dôner-kebaben. Gyros blir ofte servert som hurtigmat og då også servert med pommes frites. Retten er fylt med masse smak av aromatiske og milde krydder som tek deg med tilbake til greske ferier på Middelhavet sine øyperler.

zotuiPIETTiMa15W6p9eSA_thumb_6d58

Ingrediensar til ca. 4 personar:

Greske kjøtbollar:

  • 400 g kjøtdeig av lam (evt. storfe/svin)
  • ½ gul løk
  • 1 fedd kvitløk
  • 1 ss oregano, tørka
  • 1 ss mynte, tørka
  • 1 ts persille, tørka
  • ½ ts kanel, malt
  • ¼ ts muskatnøtt, malt
  • 1 sitron, skalet
  • salt & pepar

Tzatziki:

  • ½ agurk
  • 3 dl gresk yoghurt
  • 1 fedd kvitløk, knust
  • 1 ts tørka mynte
  • sitronsaft
  • salt & pepar

Til servering:

  • store og mjuke greske pitabrød (oppskrift her)
  • grøn salat
  • agurk, i tynne skiver
  • tomat, i skiver
  • rødløk, i strimlar
  • oliven
  • ferskpressa sitronsaft

Riv den gule løken fint på eit rivjern og bland saman med kjøtdeiga. Ha i knust kvitløk og tilsett alle kryddera. Ha i rikeleg med salt og pepar og kna deiga godt saman med fingrane til den blir seig og heng godt saman. Sett kaldt i kjøleskapet i ca. 45 minutter.

Lag tzatziki ved å rive agurk grovt på eit rivjern og bland det saman med gresk yoghurt. Ha i kvitløk og mynte og smak til med sitronsaft, salt og pepar. Skjær klart alle grønsakene til gyro`en før du steiker kjøtbollane.

Varm opp ei steikepanne og ha i rikeleg med olivenolje. Form den avkjølte kjøtdeiga til ca. 16 stk. små kjøtbollar og steik dei på middels høg varme til dei får ei gylden og sprø steikeskorpe på alle sider. Server kjøtbollane i varme pitabrød saman med salat, agurk, tomat, rødløk, oliven og tzatziki. Skvis gjerne over litt sitronsaft og nyt!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *