Helgeburger

[dropcap]N[/dropcap]år helga kjem er det ikkje mykje som slår ein saftig hamburger fullstappa i kaloriar etter ei lang arbeidsveke. Det er også fullt mulig å gjere det både sunnare og meir smakfullt enn dei ferdigkjøpte karbonadene og hamburgerbrøda, som etter mi meining er smaklause og kjedelige. For er det ein ting dei som kjenner meg godt veit, så er det det at eg kjøper ikkje verken halvfabrikata eller andre hurtigløysingar frå butikken. Her skal det aller meste lagast frå botnen av!

Når eg fyrst lagar hamburgerbrød brukar eg og bake opp litt ekstra som er greit å ha i frysaren til ei kvar tid. Då tek middagen plutseleg ikkje så lang tid å lage, sjølv frå botnen av. Dei er også ypperlege som brødmat til supper og gryter eller rett og slett som rundstykker med saltpålegg.

[recipe-foody]Til ca. 14 middels store hamburgerbrød treng du:

  • 10 dl grovbakstmel
  • 2 dl grovt sammalt hvetemel
  • 6 dl hvetemel
  • 4 dl vatn
  • 3 dl melk
  • 4 ss olivenolje
  • 1 pk ferskgjær
  • 1,5 ts salt
  • 1-2 ts chiliflak
  • 2 ss basilikum
  • 1-1,5 dl soltørka tomat, finhakka
  • 1 egg
  • sesamfrø til pynt

[/recipe-foody]

Ha alt melet i ein bakebolle saman med saltet og krydderet og smuldre gjæra over. Tilsett så vatn, melk og olivenolje og la deiga elte i kjøkkenmaskin på middels hastigheit. Om nødvendig juster deiga med meir mel eller væske til du får ein passe klissete deig. Ha så i soltørka tomat og la maskina gå eit par minutter ekstra til det er godt blanda inn. Det går også fint å lage deiga for hand, men det kan då vere greit å la vatnet vere litt lunka for å få fart på gjæra. Sett så deiga til heving og la heve til dobbel størrelse.

Del opp deiga i ca. 14 emner (evt færre/fleire om du vil ha større/mindre hamburgerbrød) og trill ut rundstykker. Kjevle så rundstykkene til dei blir flate og ca. 2 cm høge runde leiver og sett til etterheving til dobbel størrelse.

 

Visp saman egget og pensle hamburgerbrøda og strø sesamfrø over. Steik på midterste rille i steikeovnen på 220 grader i ca. 12-15 min, til dei er gyldne.

 

 

[recipe-foody]Til 3 store karbonader treng du:

  • 400 g kjøttdeig
  • 2-3 skiver bacon, finhakka bitar
  • 1 neve soltørka tomat, finhakka
  • 1 ss fersk oregano
  • 2 ss persille
  • 1 ts chiliflak
  • 1 ts spisskummen
  • 1 ts paprikakrydder
  • 1-2 ss worcestershiresaus
  • 1-2 ss HP saus
  • 1 egg
  • salt og peppar

Chilidressing:

  • 1 dl majones
  • 1 dl sweet chili saus
  • chiliflak
  • 1 fedd kvitløk
  • 1 ss fersk oregano

Garnityr:

  • sprøstekte baconskiver
  • rucculasalat
  • tomatskiver
  • agurkskiver
  • nokre skiver god ost (gjerne gouda eller cheddar)
  • rødløksringar

[/recipe-foody]

Bland sammen like delar majones og chilisaus. Press kvitløken i ei kvitløkspresse, finhakk oregano og bland det godt inn i majonesblandinga. Smak til med chiliflak.

Bland sammen alle ingrediensane til karbonadene og krydre med salt og peppar etter ønske. La gjerne kjøttblandinga stå litt så smakane får sette seg. Form så tre store bollar av kjøttblandinga og trykk dei flate til 1-2 cm høge karbonader. Steik dei på panne i litt smør/olje på høg varme i ca 2 min på kvar side. Legg gjerne på ei skive med god ost når du snur karbonadene, så den får smelte godt inn.

Server så lune hamburgerbrød med chilidressing, garnityr og karbonadene. Her er det uendelige variasjonar med tilbehør ein eventuelt kan bruke, men det enkle er ofte det beste.

 

Nyt til det fulle med god samvittigheit! [icon type=”heart”]

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*