Hasselbackpoteter med epler & rosmarin

[dropcap]P[/dropcap]otet er ei fantastisk råvare som du kan gjere mykje med og bruke på mange måtar. Denne hasselbackpotetforma med epler, sjalottløk, rosmarin og honning passar godt som tilbehør til både fisk og kjøtrettar.

Poteta har fått eit ganske dårleg rykte dei siste åra og mange styrer unna potet. Dette synest eg er fryktelig trist då potet både er godt og sunt og bidrar med gode næringsstoff. Best av alt er alle bruksområde poteta kan brukast til og den nydelige gode smaken. Ja til meir potet! Dette potettilbehøret passar ypperleg til for eksempel ovnsbakt laks eller til lammesteik.

DSC_0048

[recipe-foody]Ingrediensar til hasselbackpotet for 4 personar:

  • 5-6 store Amandinepoteter
  • 2 store raude epler
  • 3 store sjalottløk
  • fersk rosmarin
  • 1-2 ss akasiehonning
  • smør
  • havsalt & peppar

[/recipe-foody]

Forvarm steikeovnen til 180 ºC.

Bruk ein mandolin eller kniv og skjær tynne skiver av poteter, sjalottløk og epler. Legg 4-5 potetskiver, ei epleskive og ein sjalottløkring på høgkant i ei passande rund ildfast form og gjenta deretter rekkefølga til du har brukt opp alt og har fylt opp forma. Strø godt med rosmarin over potetene og ringle over akasiehonning. Krydre godt med havsalt og peppar. Legg til slutt nokre små klattar med smør rundt om på potetene og sett inn i forvarma ovn og la steike i ca. 1 times tid eller til potetene er gyldne og sprø på toppen og gjennomstekte inni. Legg gjerne ekstra smørklattar på potetene underveis. Nydeleg godt og enkelt!

DSC_0058

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*