Hasselnøtt- og sjokoladekake

DSC_0635

Lagkake med god smak av hasselnøtter, med eit lag mjuk ostekrem inni og ein søt sjokoladeglasur på utsida. Denne kaka smakar rett og slett hasselnøtt og smeltar på tunga.

Det faktum at eg er glad i nøtter er nok inga hemmelegheit. Dei blir spist i alle tilstandar og måltider rett som det er. Hasselnøtt er ein av mine favorittar sidan den smakar ganske mykje og skil seg litt frå dei andre nøttene. Hasselnøtter bærer også med seg mange gode minner frå turar i nøtteskogen saman med morfar. Då hang vi frå greinene og rista ned hasselnøttene og plukka i pose etter pose kvar haust. Slike minner kan ein leve lenge på og ekstra kjekt er det å gjenta turen i vaksen alder og minnast dei fine stundene med morfar i skogen.

Sjokolade passar saman med det meste, men ekstra godt er det saman med hasselnøtter. Derfor blei det ein sjølvsagt kombinasjon for denne kaka. Inni midten av kaka skjuler det seg ein mascarponekrem med hasselnøttpraline som gir litt «krønsj» til den mjuke kaka. Oppskrifta på hasselnøttpraline finn du her. Om du ikkje vil ta deg tida og bryet med å lage hasselnøttpraline kan du tilsette litt hakka nøtter og ekstra melis istaden, men eg vil absolutt anbefale å lage ein porsjon praline som du kan bruke til forskjellig.

DSC_0648

Ingrediensar til hasselnøttkake for ca. 12 personar:

Kakebotn:

  • 1 ½ dl hasselnøttmel (finmalte hasselnøtter)
  • 4 dl hvetemel
  • 3 ½ dl sukker
  • 1 ½ dl bakekakao
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ts natron
  • 1 ts vaniljesukker
  • ½ ts salt
  • 2 medium egg, romtempererte
  • 2 dl heilmjølk, romtemperert
  • 120 g smør, smelta og avkjølt
  • 1 dl varm kaffe

Mascarponekrem:

  • 250 g mascarponeost
  • 25 g melis
  • 100 g hasselnøttpraline
  • nokre dråpar sitronsaft
  • 1 klype havsalt

Sjokoladefrosting:

  • 200 g lys kokesjokolade av god kvalitet (eg brukar Callebaut og Valrhona)
  • 225 g smør, romtemperert
  • 100 g melis
  • 1 ts bakekakao
  • kaffe eller mjølk, til dynking

Forvarm steikeovnen til 175 ºC og kle ei springform på 24 cm med bakepapir og smør kantane.

Ha alt det tørre til kakebotnen i ein bolle og bland det godt saman. I ein stor bakebolle har du i egg, mjølk og smør og blandar det godt saman. Tilsett så alt det tørre og rør blandinga til du har fått ei jamn røre. Ha i varm kaffe og rør saman til du har fått ei klumpfri og halvtjukk kakerøre. Hell kakerøra i springforma og sett på rist midt i steikeovnen og la steike i ca. 45-50 minutter. Kaka er ferdig når ein kakepinne kjem ut fri for røre. Avkjøl kaka heilt i forma på ei rist før du sett den i kjøleskap til nedkjøling, gjerne over natta.

Før du skal sette saman kaka deler du botnen i to like delar og penslar toppane med litt kaffe eller mjølk, for å få ei ekstra saftig kake.

For å lage mascarponekremen har du mascarpone og melis i ein bolle og rører det luftig. Ha deretter i hasselnøttpraline og rør godt igjen. Smak til med nokre dråpar sitronsaft og litt havsalt og sett til sides.

Det neste du skal lage er sjokoladefrostingen. Smelt kokesjokoladen forsiktig over vannbad og la den få kjøle seg ned litt. I mellomtida rører du smør og melis lyst og luftig. Tilsett den avkjølte sjokoladen og 1 ts kakao i smøret og bland godt saman i kjøkkenmaskin til du har fått ein luftig og porøs sjokoladekrem.

DSC_0630

Legg den nederste kakebotnen på eit kakefat og smør mascarponekremen jamnt utover heile botnen. Legg på den andre kakebotnen og smør utover sjokoladefrostingen på både sidene og toppen av kaka i eit jamnt lag. Dryss litt hakka hasselnøtter på toppen av kaka og server. Ved oppbevaring i kjøleskap vil sjokoladekremen stivne litt, så romtemperer kaka ei stund før servering.

DSC_0645

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *