Haustmat

lfoimpigs1wuhxpdhrtcw_thumb_631d

Hausten byr på ei rekke rettar og oppskrifter som ein vender tilbake til kvart einaste år. For meg er desse rettane sjølve symbolet på haust og mattradisjonar som eg føler høyrer med. Her har eg samla mine favorittar som står på bordet kvart år!

Haustmat er typisk kosemat som både varmar og er mettande, og mange av rettane bringer tilbake minner frå barndom og typisk norsk matkultur. Med sine kjølige dagar og mørke kveldar er det godt å sette seg ned med eit fyldig måltid som ein kan varme seg på og kose seg litt ekstra med. Hausten byr i tillegg på mykje gode norske råvarer som epler, poteter, lam-og viltkjøt og mykje anna godt som ein gjerne vil utnytte i matlaginga.

1. Krema soppsuppe

DSC_0372 2

Ei fyldig og krema soppsuppe med bitar av champignon og purreløk er varmande og god middag på mørke haustkveldar.

 2. Hasselbackpoteter med epler & rosmarin

DSC_0059

Hasselbackpoteter er nydeleg godt tilbehør til mange middagsrettar. Denne varianten inneheld epler, rosmarin og honning og smakar godt til både fisk og kjøt.

3. Sjokolade-og hasselnøttknutar

DSC_0788

Søt gjærbakst i alle former og utgåver høyrer sjølvsagt med til kveldskosen på hausten. Desse bolleknutane med sjokolade-og hasselnøttfyll smakar godt saman med ein kopp varm te eller kaffè.

4. Guinnessbraiserte lammeskankar & potetstappe

dsc01063

Langtidskokt lammeskank i ølkraft og luftig potetstappe er skikkeleg snaddermat til helgekosen.

5. Salt karamellostekake

DSC_0489

Fløyelsmjuk stekt ostekake med sjokoladekjeksbotn, vanilje-og ostefyll, syrleg rømmetopping og ein nydeleg salta karamellsaus på toppen. Denne kaka er det vanskeleg å ikkje la seg freiste av!

6. Finnbiff med rosenkål & kantarell

pm9jjjkqymfkrqypbzhoa_thumb_61fd

Haust utan ei skikkeleg finnbiffgryte blir ikkje komplett! Denne utgåva har fersk rosenkål og kantarellar i seg og smakar heilt nydeleg.

7. Hjortegryte 

O%YcJxw+StOjvJwkHKfLwQ_thumb_6bf7

 

Hjortekjøt og hjortegryter er sjølvsagte komponentar i ein haustmeny og denne gryta er faktisk den mest besøkte oppskrifta mi på bloggen.

8. Torsk med ertepurè & potetlompe

DSC_0218

Kvar haust lagar eg opp masse heimelaga potetlomper, og ein av dei beste fiskerettane eg veit om er denne med erter og nettopp- heimelaga potetlomper. Potetlompene finn du forøvrig oppskrifta på her!

9. Ertesuppe med grønsaker & svineknoke

DSC_0719

God gammal tradisjonskost som minner meg om farmor er fast middagsmat kvar haust. Svineknoke blir mørt og godt kjøt som passar perfekt i ei god suppe.

10. Eplegelè med rosmarin 

b5qvrtoruuegz1rfxhia_thumb_62dd

Alle dei norske epla må sjølvsagt utnyttast til gelè som eg kan bruke utover det komande året. Gelèen er heilt super å bruke som tilbehør på ost!

11. Eplepai

DSC_0726

Eplepai er vel kanskje den beste desserten eg kan få på hausten. Varme eplebitar med kanel og seig og sprø deig på toppen og ein god klatt vaniljeiskrem ved sidan av, då snakkar vi ekte dessert!

12. Kvit bacalao

DSC_0569

I utgangspunktet er det ikkje noko spesielt som ropar haust ved bacalao, men denne retten er såpass mektig og varmande at den stort sett blir servert på den kjøligare årstida. Her snakkar vi salt klippfisk, poteter, chorizopølse og masse god fløte.

13. Viltsuppe med lammekjøtbollar

js7fsoqts2u%daacnwveng_thumb_61c4

Ei god suppe med smaken av norsk skog og natur er enkel og smakfull mat til hausten!

14. Lammecarrè med parmesan-& urtepanering

fsz4dzsrrekpha1hvv4brw_thumb_6143

Lam i forskjellige variantar og oppskrifter kjem ein ikkje utanom på hausten. Dette utruleg saftige lammekjøtet vil du ikkje gå glipp av!

15. Tarte tatin

DSC_0127

Denne franske klassikaren med karamelliserte epler og sprø tertedeig må eg berre ha kvart år når det er tid for norske epler i store mengder!

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *