Saftig havrebrød

LbMPC6MNTQiaCEa2Gjf%2g_thumb_76bd
Eit kvardagsbrød med smak av havre er supert matpakke-brød som mettar godt. Brødet er halvgrovt med saftig innmat og ei skikkeleg sprø skorpe.

Havre er supert å bruke i brødbakst sidan det gir eit saftig og godt resultat med ein nøtteaktig aroma. Det einaste du bør hugse når du bakar med havre er å tilsetje annan type mjøl med høgt innhald av gluten for å få eit godt resultat på baksten. Dette brødet er enkelt å lage og held seg godt og saftig.

P2tlP96YSwqvWAY8PnTQ5g_thumb_76c3

Ingrediensar:

Fordeig:

  • 120 g kveitemjøl
  • ein klatt ferskgjær, på storleik med ei ert
  • 2 g salt
  • 70 g vatn, romtemperert

Hovuddeig:

  • 300 g kveitemjøl
  • 100 g sammalt havremjøl (eg brukar Mylna ]
  • 1 ss honning
  • 50 g havregryn, lettkokte
  • 50 g blanding frø (solsikke, lin og sesam)
  • ein klatt ferskgjær, på storleik med ei ert
  • 10 g salt
  • 320 g vatn, romtemperert

Bland saman ingrediensane til fordeig og rør saman med ein gaffel til ei kompakt deig. Ha i ei tett boks og set i kjøleskapet i minst eit døgn og gjerne også eit par døgns tid.

På bakedagen blandar du saman alle ingrediensane til hovuddeig og eltar godt i maskin i ca. 10 minutt. Tilset 150 g av fordeiga og elt vidare i 5 minutt eller til deigene har blanda seg godt saman til ei elastisk brøddeig. Restane av fordeiga kan du tilsetje same mengde fordeig som sist i og bruke vidare i neste brød. Lat deiga heve godt til den er dobla i storleik. Hell deretter ferdig heva deig på benken og brett saman til ein oval ball som du forsiktig formar avlang og spissar i endane med fingrane (det blir sjåande ut som ein stor og tjukk baguette). Set på steikebrett og etterhev til dobbel storleik.

Forvarm steikeomnen til 250 ºC. Snitt brødet på langs og set midt i omnen. Steik i ca. 30 minutt, til brødet er gyllent og har fått sprø steikeskorpe. Synest du brødet blir for raskt mørkt eller brent på overflata kan du legge over eit bakepapir eller skru ned varmen nokre få grader. Avkjøl på rist.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *