Av og til får eg akutt lyst på nysteikte, seige og søte cookies og må berre gi etter for lysta. Ekstra godt synest eg det er om eg får med havregryn som gir den nøttete smaken og litt konsistens til kjeksa. Dei har sprø overflate og kantar, medan dei framleis er mjuke og gode i midten. Toppa med litt havsalt på toppen blir desse ein herleg balanse av søtt, salt, sprøtt og mjukt.
Har du lyst på sjokolade i kjeksa kan du tilsetje ca. 150 g hakka kokesjokolade i den ferdige røra. Oppbevar kjeksa gjerne i frysaren og ta opp etter behov. Dersom du klarer å spare nokon da.
[recipe-foody]Ingrediensar:
- 260 g smør, romtemperert
- 200 g demerarasukker
- 130 g sukker
- 1 stort egg
- 2 ts vaniljesukker
- 140 g havregryn, lettkokte
- 130 g havregryn, store
- 200 g kveitemjøl
- 1 ts bakepulver
- 1 klype salt
- havsalt, til topping
[/recipe-foody]
Forvarm steikeomnen til 190 grader. Kjør smør og sukker mjukt og luftig i kjøkenmaskin. Tilset egget og bland godt saman. Ha i vaniljesukker, havregryn, salt og bakepulver og bland igjen. Tilset kveitemjølet litt og litt til røra har blitt jamn og framleis er lett klissete. Bruk ca. 2 ss med røre på kvar cookie og form dei til runde ballar. Plasser med god avstand mellom kvar på bakepapirkledde steikebrett. Steik midt i omnen i ca. 12-14 minutt, avhengig av kor godt steikte du vil ha dei. Dryss litt havsalt over kvar cookie med ein gong dei kjem ut av steikeomnen. Avkjøl på brettet til dei er lunkne og har stivna.
Du har begynt å blogge igjen ja, tøft.
Hei!
Ja endeleg har eg tid til å prioritere bloggen igjen! 🙂