Knasande kjeks med havre er kjekt å ha på lur når blodsukkeret stuper eller ein vil ha ein lettvint snack å kose seg med. Aller best smakar dei med ei god skive ost og syltetøy på, spør du meg.
Havrekjeksa er av den søte typen og passar derfor utmerka med ost og søtt pålegg på. Dei er lette å lage og gir ei nydeleg lukt i huset. Lag deg ein porsjon og fyll opp kjeks-krukka til dagar då behovet melder seg.
[recipe-foody]Ingrediensar:
- 200 g smør, romtemperert
- 150 g brun farin
- 4 ts hornsalt
- 200 g kveitemjøl
- 2 dl mjølk
- 400 g store havregryn
[/recipe-foody]
Rør smør og sukker lyst og luftig i kjøkenmaskin. Bland inn hornsalt i mjølet. Ha i mjøl og mjølk vekselvis i smørblandinga og lat maskina gå på sakte fart medan du blandar inn. Ha i havregryna til slutt og bland raskt saman. Pakk deiga inn i plastfolie og legg i kjøleskapet i 1-2 timers tid før du brukar den.
Forvarm steikeomnen til 180 ºC varmluft. Dryss eit lag med mjøl på kjøkenbenken og del opp deiga i to emner. Kna saman deiga litt før du kjevler den ut til den er ca. 3-4 mm tjukk. Lett gjerne på deiga innimellom og strø på meir mjøl om det trengs for å unngå at den klistrar seg til benken. Bruk ein utstikker til småkaker eller eit glas og trykk ut runde kjeks på ca. 7-8 cm. Set på steikebrett med bakepapir. Steik i forvarma omn i ca. 12 minutt, eller til dei er lett gyldne og sprø. Avkjøl på rist. Oppbevarast på tett glas eller krukke i ca. eit par vekers tid.
Endelig kom det oppdateringer i denne heftige bloggen.
?