Havrelappar

DSC00343

Dersom ein har god tid om morgenen er det ekstra godt å gjere litt ut av frukosten og lage seg eit ekstra godt måltid. Desse havrelappane er enkle å lage og smakar nydeleg godt saman med masse bær og yoghurt og kanskje også litt sjokoladepålegg om du skal slå på stortromma.

Havrelappane i seg sjølve er ganske grove og inneheld lite sukker, så då kan ein med god samvittigheit lesse på med ekstra mykje godt tilbehør. Havrelappane smakar godt saman med friske bær, honning, yoghurt, kesam eller sjokoladepålegg i ulike variantar. Har du lyst på alle typar tilbehør slik som eg hadde, så er det berre å forsyne seg med litt av alt og nyte eit ekstra godt frukostmåltid.

DSC00345

Ingrediensar til havrelappar for ca. 2-3 voksne personar:

  • 2 dl havregryn, lettkokte
  • 2 dl kveitemjøl
  • 1 dl sammalt speltmjøl
  • 2 ss sukker
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ts vaniljesukker
  • 2 ½ dl heilmjølk
  • 3 ss smør, smelta
  • 2 egg

Tilbehør:

  • naturell yoghurt/kesam/rømme
  • friske bær/frukt
  • nøtter, sjokolade etc.
  • sjokoladepålegg/honning/syltetøy

Bland saman alt det tørre i ein bolle. Rør inn mjølk og smelta smør til du får ei jamn røre. Ha deretter i egga eitt om gongen og rør godt mellom kvart av dei. La røra stå og svelle litt i ca. 10-15 minutter. Steik små klattar med røre på middels varme i litt smør, til dei er gyldne på begge sider. Bruk ca. 1 ss med røre pr. havrelapp. Server nystekt saman med ønska tilbehør.

DSC00348

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *