Havrerundstykker

DSC_0962

Havre er både sunt, mettar lenge og gir ein fin nøtteaktig smak til brød og gjærbakst. Desse rundstykka med både havremjøl og havregryn er mjuke og luftige og er gode til frukost og lunsj.

Havre er naturlig glutenfritt og må derfor blandast med andre mjøltypar for å gi bra resultat ved baking. Desse rundstykka er ei blanding av fint kveitemjøl og sammalt havremjøl som gir ein fin kombinasjon og du får luftige rundstykker som smakar godt av havre.

Ingrediensar til ca. 16-17 stk havrerundstykker:

  • 50 g smør
  • 2 ½ dl heilmjølk
  • 4 dl vatn
  • 30 g ferskgjær
  • 3-4 ss akasiehonning
  • 1 liter kveitemjøl
  • 6 dl sammalt havremjøl
  • 2 dl havregryn
  • 2 ts salt
  • 1 egg, til pensling
  • havregryn, til pynt

Smelt smøret i ein kjele over lav varme. Ha i mjølk og vatn og la det bli lunka. Ha væska over i ein bakebolle og rør ut gjær og honning i blandinga. Tilsett nesten alt kveitemjølet, havremjølet, havregryn og salt og elt deiga i kjøkkenmaskin i ca. 10 minutters tid. Tilsett resten av kveitemjølet litt og litt til du får ei fast og smidig deig. Dekk bollen med plastfolie og la deiga heve til dobbel størrelse på ein lun stad, ca. 1 time.

Forvarm steikeovnen til 220 ºC. Del den ferdigheva deiga i 16-17 emner og trill dei til runde bollar. Sett på bakepapirkledd steikebrett og la etterheve i ca. 1 – 1 ½ time, til dei er dobla i størrelse. Pensle med egg og strø på havregryn på toppen. Sett midt i ovnen og la steike til dei er gyldne på toppen, ca. 12 minutter. Avkjøl på rist.

DSC_0973

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *