Heilstekt urtesmørkylling med sennepssaus

[dropcap]S[/dropcap]aftig og smakfull kylling som smeltar på tunga, servert saman med søt sjalottløk og søtpotet og ein lett skarp og syrleg sennepssaus. Kylling har vel aldri smakt så godt som dette før.

Marinert i smør, sitronsaft og friske urter så blei denne kyllingen så saftig og mør at eg aldri har smakt kylling så godt før. I tillegg eit sprøtt skinn på toppen som gir ein liten ekstra piff til retten. Spesielt glad i dei tørre skinnfrie kyllingfiletane kan eg vel ikkje påstå at eg er. I gryter og sterkt krydra rettar er det supert, men ellers har eg vel gått litt lei den godt brukte kyllingfileten.

Heil kylling er både billeg og sunn mat,og sidan skinnet sitt på kan du lage dei nydelegaste rettar med marinaden på innsida mellom skinn og kjøt. Så heretter blir det nok laga mykje heilstekt kylling framover!

[recipe-foody]Ingrediensar til kylling med tilbehør for 4:

Kylling og marinade:

  • 1 rå kylling (1,2-1,5 kg)
  • 1 stor sitron
  • 100 g meierismør, romtemperert
  • 1 plante frisk timian
  • 1 plante frisk oregano
  • 3-4 kvitløksfedd
  • 3-4 dl kyllingkraft (eg brukte andekraft sidan det var det eg hadde tilgjengeleg i frysaren)
  • olivenolje
  • salt & peppar

Tilbehør:

  • 500 g søtpotet
  • 2 rødløk
  • 3-4 sjalottløk
  • olivenolje
  • timian
  • salt & peppar

Sennepssaus:

  • 2 dl kyllingkraft
  • 3,75 dl fløte
  • 3 ss dijonsennep
  • 1 ½ ss hvitvinseddik
  • 1 ½ ts estragon
  • maizena
  • salt & peppar ved behov

[/recipe-foody]

Start med å forberede kyllingen. Bland saman det romtempererte smøret med safta frå halve sitronen, kvitløk hakka i skiver og ei generøs mengde frisk oregano og timian. Løsne skinnet forsiktig frå kjøtet på brystsida på kyllingen utan å lage hol i det. Ha så nesten all smørblandinga innunder skinnet så langt du klarer. Resten av smøret kan du ha inni kyllingen saman med litt ekstra friske urter. Del den andre halvdelen av sitronen i båtar og legg den også inni kyllingen. Bind så saman dei to kyllinglåra med litt kjøkkenhyssing. Så kan du smøre inn heile kyllingen godt med olivenolje, salt og peppar og legge den i ei jerngryte eller liknande med lokk. Kyllingen kan gjerne stå i romtemperatur i gryta med lokket på og marinere eit par timar før du steiker den.

Forvarm steikeovnen til 180 ºC. Hakk så søtpotet, rødløk og sjalottløk i grove bitar og ha i ei ildfast form. Ha over litt god olivenolje og krydre med salt og peppar, og gjerne også litt av dei friske oregano-og timianplantene. Ha kyllingkrafta i botnen på gryta med kyllingen, tilsett litt av grønnsakene rundt kyllingen for å gi smak, ha på lokket igjen og sett både gryta med kylling og den ildfaste forma med grønnsakene midt i ovnen og la steike i ca. 1 times tid. Med jamne mellomrom kan du ause opp litt av krafta i botnen og ha over kyllingen, slik den blir ekstra saftig.

DSC_0660

Etter 30-45 min steiking kan du ta av lokket på gryta og la kyllingen steike utan lokk resten av tida. Steiketida på kyllingen vil variere alt etter størrelsen. For å sjekke om kyllingen er klar kan du stikke ein skarp og tynn kniv inn ved låret slik det kjem ut litt kjøttsaft. Er safta klar på farge er kyllingen gjennomstekt, er den rosa må kyllingen stå litt lenger. Når kyllingen er nesten ferdig etter ca. 1 time i ovnen, kan du sette på varmluft og gjerne også grillfunksjon i 10-15 min til. Då vil du få god farge og gjere skinnet litt sprøtt.

DSC_0682

Når kyllingen og grønnsakene er ferdig kan du lage sausen. Bruk då ca. 2 dl av krafta i kyllinggryta og ha over i ei panne og kok det opp. Tilsett fløte, sennep og hvitvinseddik og la det putre i 5 min til sausen tjuknar litt. Tilsett så maizena blanda med litt kaldt vatn i sausen til passeleg konsistens. Smak til med peppar og evt. litt salt etter smak.

DSC_0683

Server så kylling saman med grønnsaker, sennepssaus og litt grønn salat. Garantert av det mest møre og saftige kyllingkjøt du har smakt!♥

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*