Heimelaga Bounty

DSC_0495

Kokosnøtt har eg alltid vore veldig glad i og derav har også Bounty vore fast innslag på sjokoladefronten. Oppskrifta på denne heimelaga varianten er superenkel!

Denne oppskrifta krever berre nokre få ingrediensar og er av dei aller enklaste konfekttypane du kan lage. Dei små sjokoladekonfektane er supre å gi vekk i gåve eller eit ypperleg innslag til julesnopet.

Ingrediensar til 15 stk Bountysjokoladar:

  • 380 g søtet kondensert mjølk (viktig at du brukar den søta typen)
  • 210 g kokosmasse
  • 1 ts vaniljeekstrakt
  • 250 g mørk kokesjokolade (eg har valt å bruke ei blanding 60 % og 70 % kakao)

Bland saman kondensert mjølk, kokosmasse og vaniljeekstrakt og rør godt til du får ei klissete og ganske fast masse. Ha matpapir i ei firkanta form på ca. 15-20 cm og fordel kokosmasseblandinga i eit jamnt lag ned i forma. Sett til avkjøling i kjøleskap. Eit par timar før skal dyppe bountybitane i sjokolade sett du forma i frysaren slik den stivnar. La den stå i frysaren i 1-2 timar, eller til massen har blitt så fast at du kan skjære den i bitar.

Smelt sjokoladen over vannbad medan kokosmassen framleis står i frysaren. Del deretter opp i passande firkantar eller evt. kan du også trille kuler. Dypp bitane i den smelta sjokoladen og løft opp med eit par gaflar og legg på eit brett med matpapir under. Dypp gjerne bitane to gongar i sjokoladen slik at du får eit litt tjukkare og meir dekkande lag med sjokolade. Her er det viktig at du jobbar raskt slik at kokosmassen ikkje blir for laus igjen. Oppbevar dei ferdige bountysjokoladane i kjøleskap i 1-2 veker.

DSC_0504

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *