Heimelaga Digestivekjeks

[dropcap]D[/dropcap]igestivekjeks er ein gammal klassikar vi alle kjenner til. Her har eg prøvd å gjenskape smaken i ein heimelaga variant.

Desse kjeksa er ikkje heilt som originalen, men det er vel heller ikkje poenget med å lage heimelaga mat. Kjeksa er gode med ost på og brukt i dessertar og kaker slik som originalen. Oppbevarer du dei i tett kakeboks eller liknande held dei seg fint i ca. to veker.

DSC_0805

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 30-40 kjeks:

  • 200 g havremel
  • 100 g grovt sammalt hvetemel
  • 100 g hvetemel
  • 130 g demerarasukker
  • 2 ts bakepulver
  • ½ ts salt
  • 200 g smør, romtemperert
  • 2 eggeplommer
  • 2 ss melk

[/recipe-foody]

Bland sammmen alt det tørre. Skjær smøret i terningar og ha det i melblandinga saman med eggeplommer og melk. Kna deiga godt saman til du får ei fast deig og kan forme det til ein ball og trykk den så litt flat. Pakk inn i plastfolie og legg i kjøleskap i ca. 1 time.

Forvarm steikeovnen til 180 ºC. Strø hvetemel på kjøkkenbenken og kjevle deiga ut til ca. 3 mm tjukkelse. Trykk så ut runde kjeks med ein kakeutstikkar og legg på bakepapirkledt steikebrett med ca. 1 cm avstand. Steik så i ca. 15 minutter, la dei avkjøle 5 minutter og ha så over på ei rist. Oppbevar kjeksa i lufttett glas/boks.

DSC_0784

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*