Heimelaga ketchup

DSC_0930

Ketchup har eg knapt nok spist sidan barndommen, og då var det Idun si raude flaske det gjekk i. Denne ketchupen smakar longt i frå den ferdige ketchupflaska frå butikken og har ein aromatisk kryddersmak som berre må prøvast. Ketchupen er nydeleg saman med for eksempel heimelaga burger og pommes fries og løftar måltidet opp til nye høgder.

Mange vil nok meine at det å lage sin eigen ketchup frå botnen av er vel mykje styr for ingenting, men der må eg seie meg svært ueining. For det fyrste smakar det utruleg godt og kan brukast som ein slags dip og tilbehør til forskjellige rettar. For det andre så er det faktisk svært enkelt å lage og krever lite arbeid. Det einaste du bør ha er ein god porsjon tolmodigheit då ketchupen treng ei god stund til å stå og småputre for seg sjølv. Det gir også ein god følelse å kunne lage si eiga utgåve av noko ein stort sett kjøper ferdig på butikken. Entusiasme for ketchup sa du? Klart det!

DSC_0900

Ingrediensar til ca. 6 dl ferdig ketchup:

  • 400 g cherrytomatar
  • 1 boks hermetiske tomatar à 400 g ( bruk ein type av god kvalitet)
  • 1 stor rødløk
  • 1 raud paprika
  • ½ raud chili
  • 2 fedd kvitløk
  • ½- ¾ dl vatn
  • 1 ss sennepsfrø
  • 1 ss svarte pepparkorn
  • 1 ts nellikspiker
  • 1 ts røkt paprikapulver
  • 2 laurbærblad
  • 1 kanelstang
  • 1 dl brun farin
  • 2 dl eplecidereddik
  • 1 klype havsalt

Del cherrytomatane i to og ha dei i ein middels stor kjele saman med dei hermetiske tomatane. Grovhakk rødløk, kvitløk, paprika og chili og ha det i kjelen. Tilsett vatnet og gi det eit oppkok. Legg på lokk og la det småputre i ca. 30 minutter, til alt er mørt og har kokt saman. Bruk ein stavmiksar og kjør blandinga glatt. Tilsett resten av ingrediensane og la det heile småputre på lav varme uten lokk i ca. 2- 2 ½ time. Rør i blandinga med jamne mellomrom. Ketchupen er ferdig når væska har kokt inn og blitt redusert til ca. halvparten. Smak til med litt meir salt etter behov. Sil av blandinga slik at du får ut dei heile kryddera frå ketchupen. Ha over på sterile glaskrukker eller flasker og la det avkjølast. Server gjerne ketchupen lunken til stekte potetbåtar eller liknande. Oppbevar ketchupen i kjøleskap. Der vil den halde seg nokre veker dersom du har det på tett glas.

2 comments

  1. Jill Kristin

    Får ikke tak i sennepsfrø her jeg bor..kan jeg bruke noe annet?

    1. Hei! Du kan fint droppe det dersom du ikkje får tak i 🙂 Ett tips er å sjå innom innvandrerbutikkar, som regel er det der eg får tak i det 🙂

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *