Heimelaga “norsk” pizza

[dropcap]A[/dropcap]v og til er lysta på noko heilt enkelt og ujålete til middag ganske stor, sjølv for meg som elskar eksperimentering og nye smakar. Heimelaga “norsk” pizza slik vi vaks opp med i barndommen stod på menyen her for litt sidan. Pizzaen har nokre små justeringar på krydderfronten, men ellers er den av det gamle slaget.

Alle heimar har sin eigen vri på heimelaga pizza med kjøttdeig-og tomatsaus på tjukk botn. Sjølv om dei alle er ganske like på smak så er det allikevel litt som skiller dei frå kvarandre, så her får du min vri på den gamle klassikaren. Det høyrest kanskje rart ut med vaniljesukker i tomatsausen og du trur kanskje det er ein skrivefeil som har snike seg inn i feil oppskrift, men berre prøv sjølv så vil du kjenne at det smakar godt med eit lite hint vanilje saman med resten av ingrediensane.

[recipe-foody]Ingrediensar til ei stor langpanne pizza:

Pizzadeig:

  • 2 ss olivenolje
  • 2 dl vatn, romtemperert
  • 25 g fersk gjær
  • 1 ts sukker
  • 1 ts salt
  • ca. 6 dl hvetemel

Kjøttdeig-og tomatsaus:

  • 400 g karbonadedeig/kjøtdeig
  • 3 tjukke skiver bacon, finhakka
  • 1 stor sjalottløk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 søt spisspaprika, finhakka
  • 2 ss tomatpurè
  • 500 g passata di pomodoro/hermetisert tomat
  • 1 ts havsalt
  • ½ ts nykverna svart peppar
  • 1 ss tørka merian
  • 1 ss tørka basilikum
  • 1 ss tørka oregano
  • 1 klype chilipulver
  • 1 ts vaniljesukker (med ekte vaniljefrø)
  • ca. 150 g edamer/jarlsbergost, riven
  • oregano

[/recipe-foody]

Ha alle ingrediensane til pizzadeiga i ein bakebolle og elt deiga godt i kjøkkenmaskin i ca. 10 minutter. Juster evt. med meir mel eller vatn etter behov. Deiga er ferdig når den samlar seg i ein smidig og glatt klump i midten av bollen. Dekk bakebollen med plastfolie og eit kjøkkenhandklede og la heve til dobbel størrelse, ca. 1-2 timar.

Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Hell pizzadeiga utover på kjøkkenbenken og kjevle den ut til ein firkant på ca. 30×40 cm og legg over på bakepapirkledd langpanne.

DSC_0128

Varm opp litt olivenolje i ei steikepanne med høge kantar og brun kjøtdeig og bacon godt. Finhakk sjalottløk og knus kvitløksfedda og tilsett i kjøtdeiga og la det surre med til løken er mjuk. Tilsett finhakka paprika, tomatpurè og hermetisert tomat og la det koke opp. Ha i havsalt, peppar, merian, basilikum, oregano, chilipulver og vaniljesukker og la sausen småputre på lav varme i ca. 10 minutter. Smak til sausen om den evt. treng meir salt og peppar. Hell kjøtdeigsausen utover pizzabotnen og strø litt oregano over. Strø riven ost over heile pizzaen og sett midt inn i forvarma steikeovn. La pizzaen steike i ca. 25-30 minutter, eller til osten er gylden og botnen er sprø i kantane. Strø gjerne litt ekstra oregano over pizzaen ved servering.

DSC_0142

 

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*