Heimelaga pasta

[dropcap]H[/dropcap]eimelaga pasta heilt frå botnen av kan ikkje samanliknast med ferdig kjøpepasta. Konsistensen blir mjuk og fyldig og det smakar rett og slett like ferskt som det er.

Det å lage pasta frå botnen av er faktisk mykje enklare og kjapt å lage enn kanskje dei fleste trur. Sjølve deiga inneheld også svært få ingrediensar, og består enkelt og greit av mjøl og egg. Her kan ein sjølvsagt tilsetje ulike urter eller smakar også om ein vil avansere litt. Denne porsjonen held til ei ganske stor middagsservering, så her kan det løne seg å fryse ned halvparten av deiga til seinare bruk.

%fZ26UXIS%6zwH+5h53LAQ_thumb_642a

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 6-8 porsjonar pasta:

  • 300 g durum semolina
  • 300 g kveitemjøl
  • 6 store egg (juster evt. med meir eggekvite etter behov)

[/recipe-foody]

Bland saman alt mjølet og ha det i ein stor bakebolle med god plass eller hell mjølet ut på kjøkenbenken i ein stor haug. Lag ei fordjuping midt i mjølet slik kantane rundt dannar ei grop. Ha egga i midten. Bruk enten ein gaffel eller fingrane til å røre rundt i egga samtidig som du dreg med deg litt og litt av mjølet inn i egga. Hald fram slik til du til slutt har fått ei ganske fast deig. Kna saman deiga til den blir smidig og glatt uten å klistre for mykje. Blir deiga for tørr og smulete kan du tilsetje enda meir egg, men sørg for å berre tilsetje små mengder om gongen slik den ikkje blir for våt igjen. Når deiga har samla seg til ein smidig ball kan du pakke den godt inn i plastfolie og legge klar i kjøleskapet i ca. 30 minutt før bruk.

No er deiga klar til å lage valfri pasta av. Du treng heller ikkje pastamaskin for å lage god pasta. Du kan fint kjevle deiga tynn med vanleg kjevle og eit lite lag mjøl under. Til å lage pastastrimlar eller liknande er eit pizzahjul ypperleg verkty. Hugs også på å strø eit lite lag med mjøl mellom dei ferdige pastastrimlane slik dei ikkje klistrar seg saman. Pastaen er ferdig kokt på kun få minutt, alt etter kva type pasta og storleik du har laga. Kok gjerne pastaen med nokre dråpar olivenolje i vatnet slik du unngår at alt blir ein stor klump i kjelen.

Dersom du ikkje brukar deiga med ein gong kan du oppbevare den i kjøleskap i ca. 2 døgn før bruk eller eventuelt pakke den godt inn og fryse ned. I frysaren held deiga seg fint i nokre få veker og kan enkelt tinast opp i kjøleskap. Ta gjerne opp deiga frå frysaren om morgonen, så har du klar pastadeig i kjøleskapet til middagstid.

DSC_1014

3 Kommentarar

  1. siw anette støle

    hei,det hadde vært kjekkt å fått oppskriften på den pastaretten du har bilde av under artikkelen om pastadeigen.den så bare helt herlig ut

    • Hei! Den pastaretten smakar nydelig krema og fyldig, så den forstår eg du vil ha oppskrift på! Du finn oppskrifta ved å søke opp “pasta med squashsaus” på søkefeltet til høgre på forsida av bloggen 🙂

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*