Heimelaga pølsebrød

[dropcap]G[/dropcap]rillsesongen er over oss og tida for lange lyse kveldar med grillmat er her igjen. Då er det fint å kunne kose seg med gode pølser med heimelaga brød og godt tilbehør. Desse halvgrove pølsebrøda er luftige og mettande og passar perfekt til alle typar pølser.

Etter mi meining må ei god pølse vere laga med skikkeleg kjøt og vere av den litt grove typen og aller helst innehalde masse gode krydder eller urtar. Er det ein ting eg ikkje klarer så er det dei ferdigkjøpte pølsebrøda som klebar seg fast i både tenner og gane og ikkje smakar anna enn deigete. Desse pølsebrøda er lette å lage og er av den halvgrove typen. Brøda kan du fint lage både grovare og finare alt etter eige ønske. Har du lyst kan du også tilsette urtar eller krydder i deiga for å få ekstra smak. Saman med pølsebrød og heimelaga pølser hadde eg også heimelaga ketchup som du finn oppskrifta på her. Så har du lyst til å imponere til neste grilling kan du lage både brøda og ketchupen sjølv, og er du ekstra avansert har du kanskje heimelaga pølser også.

DSC_0081

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 7-8 stk middels store pølsebrød:

  • 3 dl heilmjølk
  • 30 g smør
  • ½ pk tørrgjær
  • ½ ts salt
  • 1 ts honning
  • 200 g sammalt spelt
  • 220 g kveitemjøl
  • 1 egg, til pensling
  • sesamfrø, til pynt

[/recipe-foody]

Smelt smøret i ein kjele og ha i mjølka og la det bli lunka. Hell mjølka i ein bakebolle og tilsett tørrgjær og rør til det løyser seg opp. Ha i salt, honning, sammalt spelt og mesteparten av kveitemjølet. Elt deiga i kjøkkenmaskin i ca. 10 minutter og juster eventuelt med meir kveitemjøl etter behov, til du har ei glatt og smidig deig som slepper bakebollen. Dekk med plastfolie og la deiga heve til dobbel størrelse, ca. 1 times tid.

Del deiga inn i 7-8 emner alt etter kor store du vil ha brøda og kva slags pølser du skal bruke det til. Eg skulle ha dei til litt tjukke grove pølser så delte derfor inn i 7 litt store emner. Trill til bollar som du deretter rullar ut til avlange pølser på ca. 12-15 cm lengde. Legg på bakepapirkledd steikebrett og la etterheve i ca. 30 minutter.

Forvarm steikeovnen til 200 ºC. Pensle brøda med egg og strø på sesamfrø. Sett midt i ovnen og la steike i ca. 12 minutter, til dei er gyldne og sprø på toppen. Avkjøl på rist.

DSC_0056

  • Brøda kan fint frysast ned til seinare bruk.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*