[dropcap]I[/dropcap]talienarane kan det meget godt, men det kan du også! Heimelaga pasta smakar så masse bedre enn butikkjøpt pasta og er ikkje så avansert å få til om ein har ei pastamaskin og litt tolmodigheit. Smaken er definitivt verdt det!
Denne gongen falt valget på fylt pasta, nemleg ravioli fylte med eit spinatfyll med masse ost og krydder. Igjen er det berre fantasien som setter grenser på kva du kan bruke som fyll og som saus ved sidan av. Eg valte ein tomatsaus med enkle smakar som tilbehør til pastaen.
Heimelaga pastadeig er ikkje mykje hokuspokus å lage og krever kun to enkle ingrediensar, durumhvetemel og egg. Pastadeiga er også flott å fryse ned både i heile deiga eller ferdig utrulla ukokte pastastrimlar/fylte ravioli.
Denne oppskrifta rekker til middag for i allefall 4-6 personar eller er også ypperleg som forrett til ganske mange fleire om du vil det.
[recipe-foody]Ingrediensar til spinatfylt ravioli for 4-6 personar:
Pastadeig:
- 400 g durum hvetemel
- 4 egg
Spinat- og ostefyll:
- 200 g frossen spinatputer
- 1 stor sjalottløk
- 100 g philadelphia
- 100 g parmesan
- ¼ ts muskatnøtt
- 2 ss persille
- 1 neve pinjekjerner
- sitronsaft
- salt & peppar
Tomatsaus:
- 2 sjalottløk
- 1 fedd kvitløk
- ¼ rød chili
- 1 ss tomatpurè
- 600 g hermetiserte cherrytomatar
- 1 ss balsamicoeddik
- 1 ss oregano
- 1 ss basilikum
- 2 ss finhakka frisk basilikum
- salt & peppar
[/recipe-foody]
For å lage pastadeiga heller du alt melet ut på kjøkkenbenken (eller evt. i ein stor flat bakebolle) i ein sirkel og lagar ei fordjupning midt i melet og knekker egga ned i den. Rør saman egga litt fyrst før du så startar å bruke fingrane til å røre rundt i egga medan du stadig dreg med meir og meir av melet heilt til du har fått blanda saman alt. På denne måten får du ei fin og glatt deig utan klumpar. Når alt så er blanda kan du kna deigklumpen godt slik den blir glatt og smidig og held godt saman. Pakk så godt inn i plastfolie og legg kaldt i kjøleskapet gjerne eit par timar før bruk. Om du ikkje har tenkt å bruke pastadeiga innan 3 dagar kan du pakke inn i plastfolie og frysepose og fryse ned i frysaren. Der held deiga seg fint, men bør brukast innan 1 månad for å fortsatt vere fersk og smidig i bruk. Denne porsjonen med deig rekker til meir enn den mengda med fyll som er brukt her, så resten kan du evt. fryse ned eller bruke til å lage annan type pasta.
Medan pastadeiga kviler kan du lage spinatfyllet. Start med å finhakke sjalottløken. Surr den så i steikepanne med litt olivenolje. Tilsett dei frosne spinatputene og la vatnet koke ut. Riv parmesan på eit rivjern og tilsett den, Philadelphiaost, muskatnøtt, pinjekjerner og persille i spinatblandinga. Rør rundt litt til osten har smelta inn i spinaten og smak til med sitronsaft, salt og peppar. Avkjøl blandinga litt før du fyller pastaen.
Ta så ut pastadeiga frå kjøleskapet og rull ut lange breide strimlar med pasta i pastamaskina etter bruksanvisninga for den maskina du måtte ha. Husk å strø lett med durumhvetemel på benken. Bruk så ein raviolikuttar eller ein kakeutstikkar og trykk ut enten firkanta eller runde pastaskiver. Legg ca. 1 ts med spinatfyll på midten av pastabiten og pensle lett med vatn rundt kanten, før du tek ein ny pastabit og legg oppå den andre og pressar godt saman rundt kanten slik at dei festar seg saman og du har forsegla fyllet inne i pastaen. Strø lett med durumhvete på ein stor tallerken og legg den ferdige pastaen oppå. Gjenta prosessen med alle pastabitane til du har brukt opp alt fyllet. Husk å strø godt med mel mellom all pastaen på tallerkenen slik at dei ikkje klistrar seg saman.
Dekk til pastaen med litt plastfolie og sett til sides mens du lagar tomatsausen. Hakk opp sjalottløk, kvitløk og chili fint og surr det i olivenolje i ein kjele. Ha så i tomatpurè og dei hermetiserte cherrytomatane og la det koke i 5 minutter. Tilsett balsamico, oregano og basilikum. Smak så til med salt og peppar og la sausen småputre på lav varme til servering.
Kok opp ein stor kjele med vatn og ha i litt olivenolje i vatnet. Ha så i raviolien og la den koke i småputrande vatn i ca. 5 minutter for å få den al dente.
Så er det berre å fylle tomatsaus i ei skål og toppe med raviolien, gjerne litt fersk basilikum på toppen og parmesan over om du vil ha litt ekstra!