Heimelaga tacokrydder & guacamole

[dropcap]F[/dropcap]redagskveld og helg står nok ein gong for tur. Tradisjonen tru er det nok mange heimar det luktar godt av fredagstacoen frå denne kvelden. Lagar du tilbehør og krydder sjølv vil du oppdage ei verd av heilt nye smakar og aroma. Dette er både lett å lage og tek minimalt med tid.

Mange har allereide begynt å lage sitt eige tacokrydder for å redusere både sukker- og saltinntaket litt. Smaken av heimelaga krydderblanding kan heller ikkje sammenlignast med det du får kjøpt på matbutikken. Har du fyrst begynt med det vil du nok ikkje gå tilbake til ferdigkrydderet. Så derfor vil eg i dag slå eit slag for heimelaga tacokrydder og guacamole. Guacamolen ein får kjøpt på boks i butikken er full av ingrediensar vi ikkje har bruk for og smakar i tillegg ikkje nettopp det den skal smake, avokado. Dette er heller ikkje rart sidan den omtrent ikkje inneheld avokado i det heile tatt!

DSC_0111

Så håper eg kan inspirere folk til å lage si eiga tacokrydderblanding og guacamole, slik enda fleire får kjenne smaken av ekte mat slik den skal vere!

[recipe-foody]Ingrediensar til eit glas tacokrydder:

  • 9 ss chilipulver
  • 6-7 ss paprikapulver
  • 6-7 ss malt spisskummen
  • 7 ts hvitløkspulver
  • 7 ts chiliflak
  • 8 ts tørka oregano
  • 4,5 ss havsalt
  • 6 ts malt peppar
  • 1-2 ss malt koriander
  • 1 ss tørka korianderblad

[/recipe-foody]

Bland sammen alle kryddera og ha på eit tett norgesglass eller syltetøyglas. Dette står seg lenge og held til mange middagsrettar. Eg bruker ca. 1-2 ss med krydderblanding pr. 400 g kjøttdeig. Her må ein berre prøve seg fram og smake til om ein likar det sterkt eller vil ha ein litt mildare variant.

[recipe-foody]Ingrediensar til ein porsjon guacamole:

  • 1 stor avokado (el. 2 små)
  • 1/2 rødløk, grovhakka
  • 1/4 finhakka rød chili (valgfritt)
  • 1 fedd kvitløk
  • 3-4 cherrytomatar, delt i fire
  • 1 ss fersk koriander, finhakka
  • 1 lime, safta
  • salt & peppar

[/recipe-foody]

Del avokadoen i to og ta ut steinen. Ha så avokoado, tomatar, kvitløk og rødløk (og chili om du vil ha det litt sterkt) i ein stavmiksar og kjør til ein fin purè. Likar du at guacamolen er litt grov og rustikk kan du mose den i ein morter istaden. Ha så i den finhakka korianderen og smak til med limesaft, salt og peppar.

Guacamolen smakar ypperlig til alle typar tacomiddag, fajitas, enchilada, nachos, på rista brød og som tilbehør saman med for eks. røykalaks.

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*