Heimelaga urtesmør

[dropcap]H[/dropcap]eimelaga urtesmør i dobbel forstand med masse gode urtar og kvitløk er enklare å lage enn du kanskje trur. Heimelaga smør er då unødvendig å lage vil du kanskje spørre? Nei, heilt klart ikkje spør du meg!

Prossessen ved å lage heimelaga smør ut av kremfløte er svært fascinerande å sjå på og tilfredsheita det gir å kunne lage sitt eige smør er absolutt verdt det. Ein gløymer litt kvar maten faktisk kjem frå og kva det blir laga av i dagens samfunn der alt finst ferdig på butikken. Ved å lage heimelaga smør kan du også justere saltmengda sjølv. Dersom du går tom for smør men har fløte i kjøleskapet er du også allikevel redda frå ein ekstra tur på butikken. Dette smøret har eg fylt opp med masse gode urtar som passar perfekt å bruke på for eks. brød eller til å servere over steikt fisk eller biffkjøt. Smøret held seg ei stund i kjøleskapet eller så kan du også fryse ned og ta opp og skjære av skiver til det du treng.

2xpflw3zt7zzqua8l7xtq_thumb_6182

[recipe-foody]Ingrediensar til ca. 300 g ferdig smør med urtar:

  • 6 dl fløte
  • ½ – 1 ts salt
  • 1 ss fersk persille, finhakka
  • 1-2 ss fersk timian, finhakka
  • 1-2 ss fersk oregano, finhakka
  • 1 ss fersk rosmarin, finhakka
  • 1 stort fedd kvitløk, knust
  • ½ sitron, safta

[/recipe-foody]

Ha kremfløten i ein bolle og pisk til krem og fortsett å piske vidare til kremen heilt klart skiller seg og du sitt igjen med væske i botnen. Blandinga skal bli kornete og gul på farge. No har du skilt fettet i fløten frå det som heiter kjernemjølk. Kna saman fettet til ein stor klump og press ut så mykje av kjernemjølka du klarer. Hell av kjernemjølka og ta vare på den. Den er super å bruke i gjærbakst. Hell iskaldt vatn i ein bolle og kna smøret saman i vatnet. Skift vatnet nokre gongar til du har fått ut alt av kjernemjølk og væske frå smøret. Ha smøret over i ein rein bolle og kna inn saltet. Her må du smake deg fram til kor salt du vil ha det. No er smøret klart til bruk og lagring i kjøleskapet dersom du ikkje vil ha nokon smakstilsetningar.

oxonhb86t5q4cayoyjdcqa_thumb_616c

%b23kh6iqwkpbnj7uqz5ba_thumb_61a6

Om du vil lage urtesmøret har du smøret, dei ferske urtane, kvitløk og sitronsaft i ein bolle og blandar det godt saman ved hjelp av ein gaffel eller liknande. Når alt er godt blanda saman rullar du smøret til ei tjukk pølse. Legg smørpølsa i eit bakepapirark/matpapir og rull det saman til du får ei avlang pølse. Snurr papiret saman i endane. Legg smøret til avkjøling i kjøleskapet eller evt. pakk det godt inn og frys ned til lengre oppbevaring. Sidan du har rulla saman smøret i ei avlang pølse er det no supert å skjære av fine stykker når du skal bruke det igjen.

 

2 Kommentarar

  1. Ååå så godt! Digger at du lager smøret fra bunnen av! Liker bloggen din kjempe godt 🙂

    • Ja det er jo super enkelt og veldig kjekt å lage sitt eige smør! 🙂 Og det smakar himmelsk med urtesmør!:) Så kjekt at du likar bloggen, det set eg veldig stor pris på!:)

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*