Heimelaga vaniljekrem

DSC_0659

Vaniljekrem er ypperleg tilbehør til dessertar og bær eller som fyll i gjærbakst. Lagar du heimelaga vaniljekrem får du også med smaken av ekte vanilje som ofte er mangelvare i ferdigkjøpt vaniljekrem.

Vaniljekrem blir ofte laga her i heimen og brukt som fyll i bærterter eller gjærbakst. Smaken av ekte vanilje frå dei små svarte frøa er nydeleg! Bruk vaniljekremen som fyll i skulebollar og anna gjærbakst, i terter eller saman med frukt og bær til dessert.

Ingrediensar til ein porsjon vaniljekrem:

  • 3 ½ dl heilmjølk
  • ½ dl kremfløte
  • 1 vaniljestang
  • 4 eggeplommer
  • 80 g sukker
  • 30 g maizena

Del vaniljestanga på langs og skrap ut frøa og ha både frø og vaniljestang i ein kjele saman med mjølka og fløten. La blandinga koke opp og ta så av varmen og la det trekke i ca. 10 minutter. Pisk eggeplommer og sukker lyst gult i ein bolle. Ha i maizena og bland det godt saman. Fjern vaniljestanga og varm opp igjen mjølka litt og ha ca. ein tredjedel av mjølka over i eggeblandinga medan du piskar godt rundt heile tida slik at det ikkje blir eggerøre. Hell den tempererte eggeblandinga over i resten av mjølka og la blandinga koke opp forsiktig på lav varme samtidig som du rører godt rundt ned i botnen på kjelen med ein visp heile tida. Så snart blandinga har tjukna og begynner såvidt å boble lar du den koke forsiktig i ca. 1 minutt medan du piskar kraftig. Pass på slik at vaniljekremen ikkje koagulerer og sprekker, det skal ikkje boble og koke hardt men berre såvidt putre litt slik at kremen tjuknar og får ein konsistens som heng igjen litt på vispen. Avkjøl kremen litt før du setter den i kjøleskap til fullstendig avkjøling før bruk.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *