Heimelaga vaniljesaus

DSC_0866

Vanilje er ein av mine store smaksfavorittar og noko av det aller beste er vaniljesaus. Her er vaniljesausen i selskap med sjølvplukka ferske norske skogsblåbær, unektelig godt!

Heimelaga vaniljesaus er superenkelt å lage og tek minimalt med tid. Smaken er meir enn verdt dei minutta det tek å lage sausen. Her er det både heilmjølk og fløte i ingredienslista, skal det vere så skal det vere!

DSC_0854

Ingrediensar til ca. 5 dl ferdig vaniljesaus:

  • 2 vaniljestang
  • 2 ½ dl heilmjølk
  • 2 ½ dl fløte
  • 6 eggeplommer
  • 100 g sukker
  • 1 ts vaniljeekstrakt (valgfritt)

Del vaniljestengene i to med ein skarp kniv og skrap ut frøa. Ha både vaniljestang og frø saman med melk og fløte i ein kjele. Kok opp og ta det av plata så snart det begynner å boble. Legg over eit lokk på kjelen og la det stå å trekke i ca. 10 minutter.

Pisk eggeplommer og sukker til eggedosis i ein bolle. Ta ut vaniljestengene frå melkeblandinga og varm forsiktig opp igjen melka. Hell ein tredjedel av melkeblandinga over i eggedosisen medan du rører godt rundt slik at det ikkje koagulerer. Hell så eggedosisen over i resten av melka og sett kjelen på svak varme og la det tjukne medan du stadig rører rundt.

Når sausen er så tjukk at den dekker baksida av ei tresleiv er den ferdig. Dette tek ca. 10 minuttter. Pass på at du ikkje lar vaniljesausen koke, då vil den sprekke. Hell over på passande flaske eller liknande og la det kjølne litt. Server vaniljesausen lunka til dessertar eller kaker eller sett den i kjøleskap og kjøl heilt ned.

Ferske blåbær med kald eller varm vaniljesaus smakar fantastisk og er ein nydeleg og enkel dessert!

DSC_0873

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *