Heimelaga knekkebrød

DSC_0892

Knekkebrød er sunn og enkel mat. Her som med alt anna smakar også knekkebrøda best når dei er heimelaga. Røra blandar du raskt saman og medan dei steikar kan du gjere andre ting.

Som sagt krever det lite arbeid å lage knekkebrøda, sjølv om dei treng litt tid i ovnen. Her kan du også eksperimentere med forskjellige typar mel, frø,nøtter og krydder. Denne gongen har eg laga ei heilt enkel grunnoppskrift av knekkebrøda. Lagar du knekkebrød sjølv kan du bestemme innhold og smak sjølv og slepper unødvendige tilsetningsstoff.

DSC_0872

Ingrediensar til to brett med knekkebrød:

  • 3 dl steinmalt speltmel (bytt gjerne ut med for eks. grovt rugmel etc.)
  • 5 dl havregryn
  • 3 dl solsikkefrøkjerner
  • 3 dl sesamfrø
  • 3 dl linfrø
  • 1 ½ ts salt
  • 8 dl vatn
  • evt. krydder som strø på toppen (rosmarin, timian, oregano o.l.)

Forvarm ovnen til 175 ºC. Bland sammen alt det tørre i ein bolle. Ha så i vatnet og rør sammen blandinga godt. Fordel så røra utover på to bakepapirkledde steikebrett og smør godt utover med ein slikkepott. Her er det greitt å vere litt nøyaktig med utsmøringa slik at du får eit jamnt fordelt lag. Strø eventuelt krydder på toppen om du ønsker det og sett bretta inn i ovnen (eit brett øverst og eit brett nederst i ovnen). Etter 10 min tek du ut bretta og bruker ein pizzakniv til å rute opp passelege knekkebrødstykker. Sett så bretta inn i ovnen igjen.

Etter 25 minutt bytter du plass på bretta i ovnen og steiker så vidare i 25 minutter til. Om knekkebrøda ikkje er heilt tørre og sprø når steiketida er gått ut, så kan du skru ned ovnstemperaturen til ca. 80-100 ºC og la knekkebrøda tørke ut i 1-2 timar. Det kan også hjelpe å knekke opp rutene og legge dei oppned siste steiketida.

Avkjøl knekkebrøda på rist og oppbevar så i tette kakebokser eller norgesglass. Knekkebrøda smakar nydeleg med godt pålegg og er fine å bruke til både frokost, mellommåltid og som snacks med ost.

DSC_0887

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *