Hjorteburger med tyttebærdressing & kantarell

DSC00589

Det er lite som slår det å sette tenna i ein god og saftig heimelaga burger når helgemiddagen skal inntakast med god samvittigheit. Denne burgeren er vel det eg vil kalle den ultimate haustburger, då den inneheld karbonader av hjortekjøt, tyttebærdressing og smørstekte kantarellar med timian.

Saman med godt heimelaga burgerbrød, sprøstekt bacon og grøn salat blei dette eit skikkeleg festmåltid etter min smak. Den utprega viltsmaken frå kjøtet smakar nydeleg saman med søt og syrleg tyttebær-og rømmedressing og det salte frå baconet. Ekstra heldig var eg då eg fann ei passande mengde kantarellar i skogen som rett og slett måtte brukast til denne retten. Snart bugnar det nok av kantarellar i butikkane også slik at alle kan nyte den gode smaken.

DSC00567

Ingrediensar til 3 store eller 4 middels store hjorteburger:

Hjortekarbonader:

  • 400 g kjøttdeig av hjortekjøt (iblanda litt sideflesk eller anna spekk)
  • 1 kvitløksfedd, knust
  • 1 ts soyasaus
  • 1 stor ss dijonsennep
  • 1 egg
  • 1 ts havsalt
  • fersk rosmarin, finhakka
  • fersk timian, finhakka
  • nykverna svart peppar
  • evt. litt potetmjøl

Tyttebærdressing:

  • 2 dl lettrømme
  • ca. 3-4 ss tyttebærsyltetøy
  • fersk timian, finhakka
  • salt & peppar

Tilbehør:

  • 3-4 burgerbrød (gjerne etter denne oppskrifta)
  • sprøstekt bacon
  • kantarellar, stekt i smør & timian
  • rødløk, i tynne ringar
  • grøn salat

Bland saman alle ingrediensane til hjortekarbonadene til du får ei fast farse. Sett til sides medan du gjer klart alt det andre.

Bland saman rømme og tyttebærsyltetøy med litt finhakka fersk timian. Smak til dressingen med salt og peppar. Sett til sides.

Steik baconet sprøtt i ei steikepanne og legg til sides til servering. Bruk fettet du har igjen i panna til å steike kantarellane. Tilsett gjerne litt ekstra smør for å få god smak. Krydre med timian og eit lite dryss havsalt. Legg til sides. Form deretter passande karbonader av hjortekjøtblandiga og steik dei på ganske høg varme i fettet som er igjen i panna i nokre minutter på kvar side, slik at du får ei fin steikeskorpe. Tilsett meir smør i panna etter behov. Skru deretter ned varmen litt og la karbonadene ligge til du har fått dei så gjennomstekte som du ønskar. Eg likar at dei framleis er litt rosa i midten, men dette er smak og behag. Server hjortekarbonadene i lune burgerbrød saman med salat, rødløk, tyttebærdressing, bacon og kantarellar og gjerne litt salt potetchips ved sidan av om du skal skeie ut litt ekstra!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *