Hjortegryte

[dropcap]F[/dropcap]yldig, krema og smakfull gryte med hjortekjøt, det er kosemat som er ein kvar søndag eller helligdag verdig. Denne gryta er veldig enkel å tilberede, men treng 2-3 timar over varmen. Men jaggu er det verdt det!

Som liten og opp igjennom oppveksten kan eg hugse mange middagar der hjortegryter stod på menyen. Spesielt kan eg huske hjortegrytene til tante som blei servert i mangt eit familieselskap. Lukta av viltkjøt, sopp, fløte og crème fraîche blanda med gode krydder vekkjer mange gode minner. Sjølv er eg så heldig og ha ein onkel som har dreve med jakt i mange år, og derfor har eg hatt hjortekjøtet lettare tilgjengeleg enn mange andre kanskje har. Konfirmasjonsmiddagen min bestod også av hjort. Den var det selfølgelig onkel som hadde sørga for på jakt. Så den dagen stod det hjortesteik med godt tilbehør på bordet, akkurat sånn eg likar det (bortskjemt som eg er). Viltgryter og hjortegryter finst det eit hav av oppskrifter på, men her har du min versjon av den gode klassikaren.

Kx%OAfa1TBOEPnH8bDBxLQ_thumb_6c09

[recipe-foody]Ingrediensar til hjortegryte for 6 personar:

  • 700-800 g hjortekjøt i store terningar
  • meierismør til steiking
  • 4-5 tørka einebær, knuste
  • 5-6 dl hjortekraft
  • 100-150 g bacon i strimlar
  • 150 g champignonsopp (kantareller er også ypperleg)
  • 2 store gulrøtter
  • 4 store sjalottløk
  • 1 beger crème fraîche
  • 6 skiver brunost
  • 4 ss ripsgelè (solbærgelè kan også brukast)
  • 1 ss soyasaus
  • 2 vårløk, kutta i ringar
  • 1 ss maizena
  • tørka timian
  • salt & pepar

[/recipe-foody]

Begynn med å skjære hjortekjøtet i passelege terningar og fjerne evt. hinner og sener. Smelt så ein klatt smør i ei jerngryte eller stor panne med lok til, og brun kjøtet på middels høg varme i fleire omgongar til alt kjøtet har fått ei fin steikeskorpe. Krydre med litt salt og pepar, soyasaus og knuste einebær og tilsett så kjøtkrafta og la det koke opp. Set på loket og la kjøtet stå og småputre på lav varme i 2-3 timar eller til det er mørt.

Ein liten halvtime før kjøtet har kokt ferdig kan du starte med grønsakene. Kutt baconet i passelege bitar og sprøsteik det saman med grovkutta sopp og gulrøtter og rikeleg med tørka timian. Kutt så opp sjalottløken i grove bitar og la det surre med i eit par minutt. Ha så blandinga oppi gryta med kjøtet og la det koke med i 20 minutters tid.

Fem minutt før servering har du i crème fraîche, brunost, ripsgelè og 1 ss maizena blanda ut med litt mjølk eller fløte. Ha til slutt i vårløken og smak til gryta med salt og pepar og evt. litt meir timian.

Server gryta med salat, friske grønsaker, godt brød eller potet. Ved sidan av høyrer det også med ein klatt heimelaga tyttebærsyltetøy eller ripsgelè for å gjere måltidet komplett.

 

tOzL%jyNTPyfRLLKeiBuPw_thumb_6bf5

Det perfekte måltid etter ei helg ute i frisk natur og noko å varme seg på i vinterhalvåret ♥

35 Kommentarar

  1. Turid Røen Kroknes

    Er nettopp ferdig med eit velsmakande måltid. Hjortegryta var fantastisk god, og det blir ikkje siste gongen honblir servert her i huset? Takk for oppskrifta!

    • Hei!:) Tusen takk for tilbakemelding! Hyggelig å høre at det falt i smak, hjortegryta er ein stor favoritt hos meg også så då er det ekstra stas!:)

  2. Høres ut som en super oppskrift! Men har du noe tips til hva crème fraîche kan erstattes med? Fungerer rømme like bra? Tåler ikke c.f., men har veldig lyst å prøve denne oppskriften 🙂

    • Hei! Hjortegryte er fantastisk godt ja!:) Du kan fint bytte ut med for eks. sæterrømme ja, det har eg brukt enkelte gongar med samme resultat. Brukar du lettrømme har ikkje den fullt like gode kokeegenskapar og du får ein litt blautare konsistens, men det kan nok fungere fint det også 🙂

  3. Claudia Araya

    Utrolig god hjortegryte. Anbfales på det sterkeste.
    Har aldri laget hjortegryte selv før, og var veldgi nervøs.
    Men oppskriften var lett å følge og den ble perfekt!
    Tusen takk for nydelig oppskrift!

    • Så bra at det blei vellykka! 🙂 Og utruleg godt å høre at oppskrifta er lett forståeleg for andre også! Fortsett med kokkeleringa di!;)

  4. Beste hjertegryta jeg har smakt (og laget) – synes du det er ok å servere med andre potet-varianter evt. stappe?

    • Det er fantastisk å høyre! Synest sjølv at hjortegryte er nydeleg mat! Hjortegryta kan du fint servere saman med mange typar poteter som ovnsstekte potetbåtar, kokte poteter, bakte poteter og potetstappe som du nemner!:)

  5. Definitivt den beste hjortegryta jeg har smakt! Super oppskrift, som er lett å få til. NAM!

  6. Hei, når du skriver hjortekraft, koker du ut kraft i panna når du steker kjøttet..?
    Ikke så god på det her;)

    • Hei! Kjekt at du spør, for det er ikkje sjølvsagt kva eg meinar!:) Med hjortekraft meinar eg kraft som er kokt opp på bein-og kjøttrestar når eg parterer ut kjøtstykke av hjortekjøt. Det brukar eg å lage når eg har fått ein del kjøt som eg delar opp sjølv, så fryser eg det ned i passande porsjonar. Det er slettes ikkje nødvendig at du brukar hjortekraft dersom du ikkje har det tilgjengeleg, så du kan fint bruke kraft av storfe eller til og med fondkraft frå butikken også. Lykke til!:)

  7. Nydelig hjortegryte, stor suksess hos både meg og middags gjestane ? Tusen takk, blir ikkje siste gangen denne blir servert 🙂

  8. Hei Mari-Lene!
    Denne oppskriften ser spennende ut, og ut fra kommentarene den har fått så gleder jeg meg å lage den 🙂 Men jeg lurer på om denne gryten kan lages en dag i forveien av servering, og så bare varmes opp igjen før den skal serveres? Vil dette ødelegge noe av smaksopplevelsen? Evt. kan man forberede alt bortsett fra det som skal gjøres 5 minutter før? Hva anbefaler du?

    • Hei! Den beste gryta eg veit om dette, så gled deg!? du kan fint lage gryta på førehand og varme opp forsiktig!? eventuelt lage den nesten ferdig og varme opp dagen du skal servere og tilsetje dei siste ingrediensene då ? håper det blir vellykka!?

  9. Nydelig gryte ? Laga den i dag. Beste vi har smakt. Så denne blir laga til barnebarnet sin barnedåp neste helg??

    • Hei!
      Kjekt at favorittgryta mi fell i smak hos andre også, og ekstra kjekt når den blir servert i stor dag som barnedåp! 🙂 Håper på den blir like vellukka til dåpen også! 🙂

  10. Hei =) Lagde denne i går, ble kjempegodt !! Lurer på om jeg kan bruke samme oppskrift til for eksempel reinskav eller elgskav??

    • Hei! Så kjekt å høyre! 🙂 Den er supergod! Trur du fint kan bytte ut med rein-og elgskav også i denne. Alle typar viltkjøt smakar godt med desse smakane og denne gryta er nokså lik finnbiff i utgangspunktet 🙂

    • Ingunn Dahle Haukeberg

      Denne gryta var nydelig på smak og artig å lage 👍 Har laga mykje gryter av vilt dei siste 20 åra men faktisk aldri prøvd med Timian 🤪 Denne blir fast heretter og dankar ut Stroganoffen 🤣

      • Hei!
        Så fantastisk kjekt å høyre! 😀 Ei av mine aller mest populære oppskrifter dette, og den blir stadig brukt til diverse selskap og dåp. Eg lagar den titt og ofte sjølv også! Så hald gjerne fram med å bruke denne du også 🙂

  11. Hei Mari-Lene.

    Vi har laget denne retten flere ganger og synes den er fantastisk. Nå har vi bare hjortekjøttdeig igjen. Kan det byttes ut med filetkjøtt? Bør kjøttdeigen koke like lenge evt?

    Mvh

    • Hei!:)
      Det gjer meg utruleg glad å høyre! Får stadig gode tilbakemeldingar om denne gryta som også er ein av mine eigne favorittar. Du kan bruke filetkjøt, men vil anbefale å kanskje prøve med reinskav eller liknande også. Dersom du brukar kjøtdeig av hjort treng det ikkje koke med like lenge. Eit lite tips er å lage små hjortekjøtbollar eller hjortekjøtkaker som du steiker i panne og har i gryta rett før servering. Lykke til!

      Mvh Mari-Lene 🙂

  12. Hei og takk for at du deler denne oppskrifta ?. Har laga den eit par gonger no og den er ein storfavoritt i heimen.

    • Hei! Så fantastisk kjekt å høyre! Får gode tilbakemeldingar frå alle som prøver seg på denne og er ein favoritt hjå meg sjølv også! 🙂 Viltkjøt er fantastisk godt!

  13. Hei vi skal ha gjester og blir 8 stk.
    Vi har så lyst til å bruk din hjortegryte oppskrift. Den ser så fristende ut. Men vi sitter her og diskuterer om hvor mye kjøtt som skal til for 8 voksne. Vi er uenige og vil gjerne høre hva du har erfart. På bildet har du ikke med poteter og det liker jeg, så vi må jo ta det med i betraktningen når vi bestemmer mengde kjøtt.
    Spent på svar fra deg.
    Hilsen Hanne

    • Hei! Så kjekt at dykk har falt for akkurat mi oppskrift på hjortegryte. 🙂 Denne er svært populær og smakar nydeleg! Eg hadde dobla oppskrifta (altså ca. 1,5 kg kjøt) om eg var dykk, sjølv om det kanskje rekk til litt fleire enn 8 personar. Då har dykk litt ekstra i tilfelle og blir det restar er det heilt topp spør du meg. Restane av gryta kan fint frysast ned og tinast forsiktig opp att. Eg har sjølv dobla oppskrifta når eg har hatt gjestar på rundt 8 personar pluss meg sjølv, og har erfart at det er ganske passe (kjem dog an på om det er kvinner/menn 😉 ). Lykke til uansett og håper at det smakar! 🙂
      Mvh, Mari-Lene

  14. Hei! Har laget denne en gang før og den er sååå god! Skal lage den til dåp neste uke, hvor mange ganger ville du ganget gryten når vi er 36stk (7 barn)??

    • Hei!?
      Takk for det!? den er ein slager til både store og små! Eg ville dobla oppskrifta med 6 ,sidan nokre er barn. Det er ein rikeleg porsjon dersom du har ein del tilbehør til ? men håpar du på restar eller at folk kan forsyne seg fleire gongar ville eg nok laga enda litt meir ? Lykke til med den store dagen!?

  15. Hei 🙂

    Hvis en ikke har hjortekraft, er det noen gode erstatninger å tilføre i gryten? 🙂 Ser veldig god ut!

  16. Hei, har du prøvd å erstatte nokke av viltkrafta med rødvin, eller kombinere viltkraft og kjøttkraft? Skal lage til ett selskap og har litt lite viltkraft, setter pris på tips 🙂

    • Hei! Eg har ikkje prøvd å kombinere med rødvin tidlegare, så kan ikkje svare på resultat der. Men eg har prøvd med anna kjøtkraft mange gangar før og det fungerer like fint som viltkrafta. Så det kan eg anbefale! 🙂

      • Jeg tredoblet oppskriften, og brukte 1/3 viltkraft, 1/3 kjøttkraft og 1/3 rødvin. Gryten var bare utrolig god, og nesten hele selskapet spurte etter oppskriften. Så den var absolutt vellykket. Serverte med mandelpotetmos og tyttebær. Takk for god oppskrift!

Legg ved ein kommentar

Epostadressa di blir ikkje synleg.

*