Hjortekaker i krema saus

DSC_0995

Heimelaga hjortekaker er skikkeleg snaddermat og kan serverast på mange måtar. Her har eg servert hjortekaker i ein krema saus med sjalottløk og sopp som er smakssatt med tyttebær og sennep.

Denne retten har ein fin viltsmak og god smak av krydder saman med lett syrleg og skarp smak frå dijonsennep og crème fraÎche. Retten smakar ganske annleis enn dei tradisjonelle hjortegrytene og er eit raskt og spennande alternativ. Har du laga hjortekakene på førehand og fryst ned er det berre å tine dei forsiktig og varme opp i sausen, så går det enda raskare å få middagen på bordet. Om du ikkje har tilgong til hjortekjøt kan du fint bytte ut med vanleg storfekjøtdeig.

Ingrediensar til hjortekaker i saus for ca. 4 personar:

Hjortekaker:

  • 500 g hjortekjøt
  • 75 g sideflesk av svin
  • 12 g salt
  • ¾ ts nellik, malt
  • ¾ ts allehånde, malt
  • ¼ ts ingefærpulver
  • ¾ ts malt peppar
  • 1 egg
  • 2 ts potetmel

Crème fraÎche-saus:

  • 1 neve tørka kantarellsopp, bløtlagt i litt vatn i ca. 30 minutter før bruk
  • 200 g champignonsopp
  • 3 medium store sjalottløk
  • 2-3 ss cognac (kan sløyfast)
  • 6 dl hjortekraft (evt. anna kjøtkraft)
  • 3 ss tyttebærsyltetøy
  • 1 ½ ss worcestershiresaus
  • ca. 2 dl crème fraÎche
  • 3-4 ts dijonsennep
  • ¾ purre, skjært i ringar
  • salt & peppar

Tilbehør:

  • ovnsstekte poteter
  • rucculasalat
  • tyttebærsyltetøy

Kvern hjortekjøt og sideflesk til kjøtdeig i ei kjøtkvern. Ha det i ein bolle og bland inn alt krydderet. Ha til slutt i egg og potetmel og bland det saman til ei fast farse. La det gjerne stå og kvile litt slik kjøtfarsen sett seg. Smelt deretter litt smør i ei steikepanne med høge kantar og form kjøtdeiga til passande kjøtkaker og steik dei på ganske høg varme i nokre minutter på kvar side slik dei får ei fin steikeskorpe. La deretter kjøtkakene ligge litt i panna på svak varme til dei er nesten gjennomstekte. Legg til sides.

Ha i litt ekstra smør i steikepanna. Skjær champignonsopp i to og sjalottløk i fire og steik det i panna saman med kantarellsoppen til det har fått farge. Krydre med salt og peppar. Ha eventuelt i cognac i panna og kok den ut. Tilsett hjortekraft og la det koke opp. La krafta stå og småputre til det er kokt saman litt. Ha i tyttebærsyltetøy, worcestershiresaus og crème fraÎche og smak til med dijonsennep. La dette småputre til det tjuknar litt, i ca. 5-10 minutter. Ha deretter i purre og rør godt rundt. Smak til sausen med salt og peppar. Legg hjortekakene i sausen og la dei ligge og bli gjennomvarme i sausen på svak varme i nokre minutter. Server saman med gode poteter (gjerne ovnsstekte), litt salat og tyttebærsyltetøy.

DSC_0997

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *