Hollandaise

h+797OOxQfK7y7ci00Yqow_thumb_6d38

Hollandaise er ein av dei 5 store hovudsausane i den franske kokekunstens kjøken. Hollandaise er ein emulsjon av smør, eggeplommer og sitron (kvitvinseddik). Sausen passar perfekt til posjert egg, dampa grønsaker eller fisk.

Sausen er i utgangspunktet svært enkel å lage, men har lett for å skilje seg og er derfor kjent for å vere litt vanskeleg å få til. Med regelmessig pisking og kontrollert temperatur er allikevel denne nydelege sausen ingen heksekunst å lage. Prøv den gjerne saman med dampa asparges eller over kvit fisk.

UeAhPoQ4TIq+HJVF9D5mmw_thumb_6d36

Ingrediensar til ca. 2-3 porsjonar:

  • 2 store eggeplommer
  • 1 ts kvitvinseddik
  • 2 ss sitronsaft
  • 100 g meierismør, kaldt & i terningar
  • salt & pepar
  • evt. ei klype cayennepepar el. andre urter

Ha eggeplommer, kvitvinseddik og sitronsaft i ein bolle eller ei skål som toler varme. Sett bollen i vannbad over ein kjele med småputrande vatn. Pisk saman eggeplommeblandinga kontinuerleg over ganske lav varme til det tjuknar i konsistens. Ha i smøret ein og ein terning om gongen medan du framleis piskar jamnt. Når du har brukt opp alt smøret og sausen har fått ein ganske tjukk (men framleis rennende) konsistens er den klar. Smak til med salt og pepar og gjerne anna krydder om du ønsker. Server sausen umiddelbart slik den ikkje stivnar. Du kan eventuelt halde sausen varm ved å la den stå over vannbadet litt, men hugs på å trekke kjelen frå varmen slik den ikkje koagulerer.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *